Teknologi (TP-PIN vg2) – ferdig 2025
Felles programfag saman med:Vedlikehold (TP-PIN vg2) – ferdig 2025
Dette faget er under utvikling. Vi fyller på med ressursar fortløpande.
Heilskaplege læringsoppdrag
For å utføre arbeid på verkstaden må du ha kunnskap om arbeidsprosessar, utstyr, maskiner og verktøy. I tillegg vil du ofte trenge det du har lært i fag som norsk, matematikk og naturfag. Derfor kallar vi dei praktiske arbeidsoppdraga i dette emnet for heilskaplege læringsoppdrag.
Lastebilprosjektet
Korleis kan du forbetre detaljar og bruke ny teknologi for å jobbe mest mogleg effektivt? Korleis kan du spare miljøet? Dette er utfordringar du ganske sikkert vil møte i framtida. Her kan du prøve deg litt på eit godt døme: lastebilprosjektet.