Film og filmklipp
Boggiarm
Lær å teikne i 3D-verktøyet Fusion 360. Det vesentlege her er ikkje sjølve programmet; det handlar om korleis du lagar delen for boggiarm ved hjelp av eit 3D-teikneprogram.
Hurtigtastar – ein hjelpande venn
Tab: skiftar mellom dimensjonar du vil målsetje
X: skiftar frå linje til hjelpelinje
Mirror (speglefunksjon)
For å spare oss arbeidet med å teikne absolutt alle detaljar kan vi spegle ein detalj over til den andre halvdelen av delen vi arbeider på.
Chamfer (fas)
Vi bruker å avgrade eller å fjerne skarpe kantar frå borehol, sag, fres eller CNC-maskiner. I 3D-program kan vi òg allereie her førebu for betre delar ved å leggje kantane ved hjelp av «chamfer»- eller faseverktøyet.