Programmering av robot ved hjelp av Move-kommando
Tenk deg at du skal programmere ein robot ved hjelp av Move-kommandoar. Beskriv ei konkret arbeidsoppgåve der du ville brukt Move-kommandoen, og tenk over faktorane du måtte teke omsyn til når du programmerer rørslene.
Ta stilling til desse punkta:
Kva arbeidsoppgåve vil du at roboten skal gjennomføre? Kvifor er det formålstenleg å bruke ein robot i denne situasjonen?
Kva posisjonar eller målpunkt vil du programmere roboten til å flytte seg til? Kvifor er desse posisjonane og rørslene viktige for å utføre oppgåva?
Korleis vil du bestemme farten og akselerasjonen til roboten? Kva er formålstenlege verdiar for desse parameterane til akkurat denne arbeidsoppgåva?
Kor rettlinja må rørslene vere? Er det viktig at roboten følger ei rett linje mellom punkta, eller kan det vere akseptabelt med nokre avvik?
Vil du bruke blending mellom rørslesegmenta? Kvifor (ikkje)? Kva vil blending ha å seie for oppgåva roboten skal utføre?
Er det nødvendig med reversibilitet? Skal roboten kunne flytte seg tilbake til startpunktet etter at han har nådd målpunktet?
Finst det avgrensingar eller risikofaktorar du må ta omsyn til når du programmerer rørslene? Kva for nokre i så fall?
Vurder også eventuelle utfordringar eller alternative tilnærmingar du kan komme på.
Svarskjema for refleksjonsoppgåve
Du kan skrive svara dine direkte inn i skjemaet nedanfor. Når du har svart på alle spørsmåla, kan du opprette eit samledokument med alle svara dine og eksportere det.