Strukturelt vern
Korrosjon utgjer ei stor utfordring i mekaniske konstruksjonar: Han kan svekke strukturen, forårsake kostbare reparasjonar og utskiftingar og generelt redusere levetida.
Viss vi vil legge til rette for lang levetid, må vi tenke på korrosjonsførebyggande tiltak allereie i designfasen. Det gjeld særleg når konstruksjonen kjem til å vere utsett for fukt, sjøvatn og andre aggressive stoff som kan akselerere korrosjonsprosessen. Her følger nokre viktige punkt vi bør hugse på.
Opningar i konstruksjonen
Små opningar i konstruksjonen, såkalla rottehol, bør ha ein radius på minst 50 mm. Dette sikrar at dei kan få tilstrekkeleg forbehandling og korrosjonsvern. Større opningar gir også betre ventilasjon, noko som reduserer kondens (fukt).
Drenering
Hole komponentar kan samle fukt og forureiningar, og det fører til korrosjon. Viss konstruksjonen krev lukka holrom, på fagspråk kalla bokskammer, må vi planlegge for god drenering og ventilasjon, effektive vernebarrierebelegg og luft- og fuktsikkerheit.
God drenering reduserer korrosjonsrisikoen fordi ho hindrar opphoping av vatn og forureiningar. Når vi planlegg konstruksjonen, må vi velje eigna stader for opningar og vassavløp og unngå lommer og utsparingar.
Kantar på metallplater
Skarpe kantar på plater bør vi avrunde eller avfase. Det gjer det mogleg å påføre eit jamt belegg og sikre tilstrekkeleg beleggstjukkleik. Det er anbefalt med ein minimumsradius på 2 mm på alle avrundingar.
Avstivarar
Avstivarar bør vi forme ut slik at vi unngår hol som kan samle smuss og vatn. Det må vere tilstrekkeleg plass til overflatebehandling og påføring av måling.
Rett val av samanføyingsmetode kan hjelpe oss å redusere korrosjonsrisikoen.
Sveising
Sveising og skjerearbeid kan svekke korrosjonsvernet. Punktsveising går raskare enn fullsveising, er billigare og gir mindre vekt, men metoden kan føre til korrosjonsproblem.
Det er vanskeleg å fylle spalter og gliper mellom punktsveiste delar med måling, og desse områda er derfor utsette for korrosjon. Vi bør unngå å punktsveise konstruksjonsdelar som skal utsettast for aggressive miljø (t.d. sjøvatn).
I tillegg finst det andre sårbare område, som smale hol, blindsprekkar, overlappande skøytar, sveiseskøytar og buttskøytte overflater. Desse problema kan oppstå etter punktsveising, men også etter generell sveising eller mekanisk samanføying, eller på grunn av dårleg design. Vi må vere merksame på desse områda for å sikre tilstrekkeleg korrosjonsvern i heile konstruksjonen.
Bolta tilkoplingar
Ikkje alle konstruksjonar kan sveisast, og då er mekanisk samanføying med boltar eller naglar eit alternativ. Vi må reingjere tilkoplingsflata for å oppnå rett ruheit, og vi må bruke eit belegg som er godkjent for kontaktflater. Målingssystemet bør nemleg ikkje redusere forspenningskrafta. Feil type måling mellom to plater kan gi eit "fjærande" mellomsjikt, og platene klemmer då ikkje så godt saman.
Boltar, mutterar og skiver skal elles ha same korrosjonsvern som resten av konstruksjonen.
Mange konstruksjonsdelar skal galvaniserast etter produksjon. Då må delane vere utforma slik at dei oppfyller relevante forskrifter (t.d. ISO 1461 og ISO 14713). Til dømes må ventilering og drenering vere på plass slik at vi unngår eksplosjonsfare i sinkbadet.
Ved framtidig vedlikehald kan det vere nødvendig å bruke stillas. Dersom vi integrerer permanente stilasstøer i designet, er det lettare å unngå skadar på konstruksjonen under vedlikehald. Desse støene er ofte laga av måla rustfritt stål og enkle å halde ved like.
Vi bør allereie i planleggingsfasen finne løysingar for handtering, transport, montering og drift på staden som hjelper oss å unngå skadar på vernande belegg.