HMS ved arbeid på hydraulikkanlegg
Skal du bruke hydraulisk utstyr, må du alltid sette deg inn i HMS-krava som gjeld for utstyret, og dessutan lese instruksjonsmanualen. Viss maskina blir vurdert som farleg, skal det vere gjennomført ei risikovurdering.
Som operatør må du lese og forstå risikovurderinga for anlegget før du tek i bruk utstyret. I tillegg må du ta for deg alle punkta i aktuelle sjekklister før oppstart, og du må sjølvsagt følge alle sikkerheitsinstruksar.
Viss du skal gjennomføre service-eller reparasjonarbeid på eit hydraulisk anlegg, må du lese teknisk litteratur som følger anlegget, og sette deg inn i korleis anlegget fungerer. Under sjølve arbeidet må du bruke verneutstyr.
Det er viktig at du held deg til desse råda og krava om du arbeider på eit hydraulisk anlegg:
Aldri gjett –alltid sjekk.
Bruk alltid påkravd verneutstyr som vernesko og vernebriller, høyrselsvern, hanskar og hjelm.
Hydrauliske system opererer med høgt olje-og gasstrykk. Berre kvalifisert personell har lov til å operere utstyret eller utføre noko arbeid på det.
Utfør aldri noko mekanisk arbeid på system før trykket i området for reparasjon eller vedlikehald har blitt avlasta og isolert.
Bruk aldri fingrar eller berr hud til å søke etter små lekkasjar i eit trykksett oljesystem.
Oljestrålar kan vere farlege og trenge inn i huda.
Utstyret kan innehalde væske lagra under trykk sjølv etter at systempumpene er stoppa. Før du utfører noko arbeid på hovudpumpeeininga (HPU), må du tømme all lagra væske i akkumulatorane ved hjelp av dreneringsventilar. Før du demonterer akkumulatorar, må du tømme alt nitrogen.
Tørk lekkasjar og oljesøl omgåande for å unngå skli-og fallskadar.
Sørg at MSDS (sikkerheitsdatabladet) for olje alltid er i nærleiken av utstyret.
Før drift eller operasjon må du sjekke at utstyr og hydraulikkslangar er forsvarleg festa.
Sørg for at området rundt utstyret har tilstrekkeleg opplysing. Utandørs er opplysing spesielt viktig dersom operasjonar skal utførast mens det er mørkt.
Ta ekstra omsyn ved handtering eller løft av utstyret. Sikkerhetssona rundt løftet bør være merkt.