Hopp til innhald
Film og filmklipp

Sveiseprosedyrar

Når du skal sveise, er det viktig at du følger ei oppskrift. Slike oppskrifter kallar vi sveiseprosedyrar. Dei fortel deg korleis du skal stille inn sveisemaskin og gass, kva type sveisetråd du skal bruke, og korleis du skal sveise.

Kva er ein sveiseprosedyre?

Ein sveiseprosedyre er ein detaljert plan for ein sveisejobb. Han inneheld informasjon om

  • type sveiseutstyr og materiale

  • sveisemetode og sveiseteknikk

  • førebuing av materiale

  • kvalitetskontrollprosedyrar og sikkerheitsforholdsreglar

Sveiseprosedyrar er ofte skrivne på engelsk eller eit anna internasjonalt språk, men dei kan i tillegg vere omsette til norsk. Opne fila under om du vil sjå eit døme på korleis ein engelskspråkleg sveiseprosedyre kan sjå ut.

Filer

Hvordan blir ein sveiseprosedyre utvikla?

Aller først må ein finne ut kva den spesifikke sveisejobben krev. Ein må til dømes sjå på materialtype og -tjukkleik, sveisemetoden som skal brukast, nødvendige styrke- og kvalitetskrav og eventuelle standardar for bransjen som må følgast.

Prosedyredokument

Neste steg er å skrive ned sjølve sveiseprosedyren i form av eit dokument. Dette dokumentet inkluderer vanlegvis

  • informasjon som prosedyren

  • detaljar om materiale og utstyr som skal brukast

  • stegvise instruksjonar for å utføre sveisejobben

  • spesifikke sveiseparameterar, til dømes sveisestraum, spenning og fart

  • kvalitetskontrollprosedyrar og sikkerheitsforholdsreglar

Utprøving

Når sveiseprosedyren er utarbeidd, må han gjennom ein kvalifiseringstest for å sikre at han oppfyller dei nødvendige standardane og krava. Til vanleg utfører ein eit sveiseoppdrag i samsvar med prosedyren, og så gjennomfører ein testar og inspeksjonar for å vurdere kvaliteten på sveisen.

Kvalifiseringstestar er til dømes inspeksjon, mekaniske testar og/eller testar som røntgenundersøking eller ultralydtesting.

Godkjenning

Viss sveiseprosedyren består kvalifiseringstesten, blir han godkjend for bruk. Alle relevante dokumenta, inkludert den godkjende sveiseprosedyren og testrapportane, blir deretter arkiverte slik at utviklingsarbeidet er dokumentert.

Kva er fordelen med å nytte sveiseprosedyrar?

Det finst fleire viktige grunnar til å følge sveiseprosedyrane:

Kvalitetssikring

Ved å følge ein standardisert prosedyre sikrar vi at sveisejobben blir utført på ein forsvarleg måte, og at resultatet oppfyller dei nødvendige krava til styrke, haldbarheit og estetikk.

Sikkerheit

Sveiseprosedyrar beskriv òg nødvendige sikkerheitsforholdsreglar for å verne både sveisarar og andre personar på arbeidsplassen mot skadar og ulykker.

Konsistens

Ved å ha klare og standardiserte prosedyrar oppnår vi lik sveisekvalitet uavhengig av kven som utfører jobben. Dette er spesielt viktig i industriar der sveising er ein vanleg del av produksjonsprosessen.

Sporbarheit

Fordi sveiseprosedyrane er dokumenterte, er det enkelt å finne ut kva prosessar og materiale som blei brukte under testing. Dette er særleg viktig om det er feil i prosedyren, eller om det er behov for revisjon av andre grunnar.

Korleis blir sveiseprosedyrar nytta ute i industrien?

I filmen under får du eit innblikk i korleis sveiseprosedyrar blir nytta ute i industrien.

Video: Filmkonsulentene / CC BY-NC-SA 4.0

Kommentert døme på sveiseprosedyre

Trykk på dei ulike punkta i skjemaet for å få informasjon om innhaldet.

Denne interaktive illustrasjonen er ikkje universelt utforma, men det finst eit tekstalternativ under illustrasjonen.

Kommentert døme på skjema for sveiseprosedyre

Sveisemetode (Welding Process)

I feltet "Welding process" står sveisemetoden som skal brukast.

Sveisemåte (Type)

I dette feltet står det korleis sveisinga skal gå føre seg: manuelt, semi-automatisk, maskinelt eller automatisk.

Skøyt (Joint Design Used)

I dette feltet er det beskrive korleis du skal førebu dei to bitane som skal sveisast saman. Her finn du informasjon om fuge, fugeopning, fugevinkel og andre viktige parameterar.

Materiale (Base Material)

I dette feltet er materialet du skal sveise på, beskrive.

Sveisetråd (Filler Metals)

I dette feltet er det angitt kva type sveisetråd eller sveisepinne du skal bruke.

Dekkgass (Shielding)

I dette feltet står det kva type dekkgass som skal brukast dersom bruk av dekkgass er aktuelt.

Sveising (Welding Procedure)

Dette feltet angir korleis du skal gjennomføre sjølve sveisinga. Det er lagt inn ei grafisk visning av korleis sveisestrengane skal leggast. Du finner òg informasjon om korleis sveisemaskina skal vere innstilt for kvar enkelt streng, og kor fort du skal bevege sveisepinnen.

Identifikasjon (Identification)

I dette feltet står tekniske data om sveiseprosedyren: identifikasjonsnummer for prosedyren, eventuelt òg revisjonsdato og kven det er som har skrive eller revidert han.

Plassering og retning (Position)

Dette feltet angir kva retning sveisinga skal følge (horisontal, vertikal, opp-ned osv.).

Elektriske innstillingar (Electrical Characteristics)

Dette feltet angir kva type sveisestraum som skal brukast, og kva straumtype sveisemaskina skal vere innstilt på (til dømes vekselstraum eller likestraum, kontinuerleg straum eller pulsstraum).

Sveiseteknikk (Technique)

Dette feltet angir kva sveiseteknikk som skal brukast: om det skal vere éin sveisestreng, om du skal sveise fleire gonger, om du skal reinse sveisen før du sveisar på nytt osv.

Forvarming (Preheat)

Dette feltet angir om materiala du skal sveise på, må forvarmast, og kva temperatur dei eventuelt må forvarmast til.

CC BY-SA 4.0Skrive av Roger Rosmo.
Sist fagleg oppdatert 27.11.2023