Hopp til innhald
Fagartikkel

Om betafaget teknologi

Velkommen til betaversjonen av programfaget teknologi på NDLA! Faget er under utvikling, og vi kjem til å fylle på med nye læringsressursar fram til sommaren 2025.

Om faget

I programfaget teknologi får du god innsikt i bruk av ulike materiale, verktøy, teknikkar og maskiner. Det gir deg eit breitt grunnlag for framtidige yrkesval.

I tillegg til dei grunnleggande ferdigheitene som er nødvendige innan industrifaga, gir faget deg kompetanse innan programmering, robotisering og automatisering. Denne kompetansen gjer deg rusta til å bli ein sjølvstendig og omstillingsdyktig fagarbeidar som er klar til å møte framtidas teknologi og arbeidsliv.

Læreplanen for faget legg òg vekt på at du skal utvikle ferdigheiter som gjer deg til ein god kollega og arbeidstakar. Du skal lære deg å samarbeide godt med andre og ta ansvar i jobben. Du skal også lære deg respekt for lover og reglar på arbeidsplassen og få kunnskap om medbestemming i arbeidslivet.

Viss du ønsker å sjå kva du kan utdanne deg til når du vel vg2 industriteknologi, kan du sjekke ulike utdanningsløp på vilbli.no.

Innhald

Vi utviklar faget i tråd med læreplanen PIN02-03, vg2 industriteknologi, og kjem til å dekke alle kompetansemåla. Det ferdige faget på NDLA vil altså vere eit fullverdig læreverk for programfaget teknologi.

Emne

Innhaldet kjem til å vere delt opp i emne som svarer til hovedemna i faget. Alle emna vil stå på eigne bein, og du kan bruke dei uavhengig av kva slags læreverk du elles har i faget.

Læringsoppdrag

Vi vil også produsere nokre temabaserte læringsoppdrag der du følger produksjonsprosessar frå idé til ferdig produkt. Nokre læringsoppdrag vil vere nokså enkle, andre vil vere meir utfordrande.

Videoar, bilete, illustrasjonar og animasjonar

Vi er i gang med å produsere videoar, bilete, illustrasjonar og animasjonar, for vi veit at denne typen ressursar gjer det enklare og meir morosamt å lære faget. Du skal vite mykje om maskiner, materiale, produkt, arbeidsmetodar og framgangsmåtar når du er ferdig med vg2!

Universell utforming

Universell utforming av læringsressursane er viktig for oss i NDLA, og vi har sjølvsagt fokus på dette i utviklinga av faget.

  • Alle videoane våre er teksta, og dei finst òg i synstolka versjon der det er aktuelt.

  • Det er mogleg å få lese opp både tekst og tekstalternativ til bilete og andre grafiske element med standard skjermlesarar.

  • Vi er også opptekne av at bilete, animasjonar og illustrasjonar skal tilfredsstille nødvendige krav til bl.a. kontrastar og lesbarheit.

Tilbakemelding

Har du spørsmål eller kommentarar? Ta gjerne kontakt med fagansvarleg Roger Rosmo (roger.ndla.no).


CC BY-SA 4.0Skrive av Roger Rosmo.
Sist fagleg oppdatert 04.05.2023