Hopp til innhald

Arbeidsoppdrag

Skilt og bildekor til bedrift

Sjå for deg ei bedrift, Digicurae, som driv med velferdsteknologi. No skal bedrifta etablere seg i butikkområdet der du bur. Du får i oppdrag å lage skilt til fasaden. Dei ønsker at logoen skal plasserast på veggen og eventuelt på vindauge. I tillegg vil dei ha dekor på varebilane sine.
Logo utforma som eit kryss med firmanamnet Digicurae under. Illustrasjon.

Skildring av bedrifta Digicurae

Digicurae lagar velferdsteknologi som gir menneske nye moglegheiter til å klare seg i heimen på eiga hand, mellom anna GPS for trygge spaserturar, varsling når pasienten forlet senga, fall-alarm, epilepsialarm, diabeteskontroll og trygg medisinering. Menneske med demens kan få auka fridom ved hjelp av sporingsteknologi.

Digicurae er eit fiktivt firma. Viss du ønsker å lage ein eigen logo, kan dette vere ein innleiande del av oppgåva.

Gruppeoppgåve

Samarbeid i grupper på tre elevar. Bli einige om kvar i nærområdet de ser for dykk at Digicurae ønsker å etablere seg.

Del 1. Reglement

  1. La ei av gruppene ta kontakt med kommunen og spørje kva reglar som gjeld for skilt på næringsbygg. Lag ei kort oppsummering av det de finn ut, og del med dei andre.

  2. Bestem dykk for kva bygg de ønsker å bruke i denne oppgåva. Ta kontakt med gardeigaren og spør kva krav de må ta omsyn til viss de skal setje opp skilt på bygget deira. Samanfatt tilbakemeldinga.

  3. Del det de har funne ut, med klassen, og drøft kva rammer dette gir for oppdraget.

Oppgåve 2. Arkitekturanalyse

  1. Korleis vil de beskrive arkitekturen i området bedrifta skal etablere seg i? Ta eigne bilete og skriv eit notat der de gjer greie for stilartar og fargar som er brukte i området.

  2. Kva slags busetnad er tilstøytande bygg (butikkar, leilegheiter, anna)? Ta eigne bilete og beskriv området i notatet.

  3. Kva slags materiale består overflata til bygget av? Beskriv materialbruken og set inn eigne bilete i teksten.

  4. Ta bilete av bygget, og mål området der de skal ha skilt. Dersom det er for høgt opp eller av ein annan grunn utilgjengeleg, må de gjette dykk til måla. Bruk ein tometers tommestokk i dette arbeidet.

Gruppene presenterer observasjonane sine og analysen sin, og klassen drøftar resultata.

Individuell oppgåve: design

Lag eit forslag til verksemdsprofilering på bygget. Profileringa må vere innanfor krava frå kommunen og gardeigaren. Bruk eit biletredigeringsprogram og manipuler inn dekor på ein bil og bygg.

  1. Lag eit forslag til dekor på ein bil som speglar identiteten til bedrifta. Finn eit bilete av ein liten kvit varebil på internett. Biletet må ha lisens som gir deg lov til å omarbeide det.

Ein kvit varebil. Foto.
  1. Lag eit forslag til skilting på bygningsmassen som er tilpassa arkitektur og miljø. Bruk biletet av bygget frå gruppeoppgåva.

  2. Lag små utprøvingar til bildekor og vindaugsdekor i folie. Bli einig med læraren din kva målestokk du bør bruke. Vel ein dekor som du skjer ut i folie, og monterer løysingsforslaget ditt.

Presentasjon

Presenter løysingsforslaget ditt for klassen. Under presentasjonen skal du grunngi det følgande:

  • val av konsept og materiale

  • val av storleik på logo

  • plassering av logo på bygg og bil

Relatert innhald

Vel ein av oppdragsgivarane og lag ein logo som består av eit symbol og ein typografisk del med namnet til bedrifta.

CC BY-SASkrive av Knut Ivar Andersen.
Sist fagleg oppdatert 28.04.2022

Læringsressursar

Firmaprofilering