Hopp til innhald

Fagstoff

Skatt

Å betale skatt er ei plikt, men det er òg veldig smart. Heile befolkninga spleiser, og resultatet er eit av dei beste velferdssamfunna i verda. Dei som har låg inntekt, betaler mindre skatt, og dei som har høg inntekt, betaler meir.

Skattetrekk av lønnsinntekter

Skatteetaten skriv ut skattekort til arbeidstakarar. Her kjem det fram kor mykje av løna som skal trekkjast i skatt. Arbeidsgivaren hentar skattekortet digitalt på altinn.no.

Arbeidsgivaren bereknar først samla løn. Dette blir òg kalla for bruttoløn. Bruttoløn minus skatt blir kalla for nettoløn. Det er denne løna du får utbetalt.

Skattetrekk set bedrifta inn på ein eigen konto i banken – dette er lovpålagt. Det er bedrifta som har ansvaret for å betale inn skatt til styresmaktene på vegner av dei tilsette. Dette blir gjort seks gonger i året, det vil seie at kvar skattetermin er på to månader.

Skattestyresmaktene skriv ut tre ulike typar skattekort: frikort, prosentkort og tabellkort.

Frikort

Tener du mindre enn frikortbeløpet, treng du ikkje betale skatt. Du kan då bestille frikort hos skatteetaten.no og levere dette til arbeidsgivaren.

Prosentkort

På skattekortet står det oppgitt ein prosentsats som viser kor stor del av løna arbeidsgivaren skal trekkje i skatt.

Tabellkort

Dei fleste arbeidstakarar har eit tabellkort. Tabellkortet inneheld ein tabell som viser kor stort beløp som skal trekkjast i skatt.

Kor mykje skatt skal du betale i eit kalenderår?

Kor mykje du skal betale i skatt i løpet av eit år, er avhengig av dei samla inntektene dine dette året, ikkje av kva du har betalt inn på førehand. Det er derfor først etter at året er slutt, at den nøyaktige skatten kan bereknast.

Du har kanskje høyrt folk seie at i desembermånad er det berre halv skatt. Det er ikkje så enkelt. Det er førehandsinnbetalingane som er sette opp slik at vi skal ha ekstra god råd i desember, på tilsvarande måte som at det ikkje blir trekt forskotsskatt i juni. Vi blir rett og slett trekte meir i skatt i resten av månadene for å kunne ha meir å rutte med i desember og på sommaren.

Skattemeldinga

Gjennom skattemeldinga pliktar du å oppgi dei samla inntektene dine frå det førre året til skattestyresmaktene. I praksis er det arbeidsgivaren som underrettar skattestyresmakta om inntektene dine gjennom året, men det er viktig at du sjekkar at alt er riktig.

Det skilst mellom to typar inntekter ved skatteutrekninga: personinntekt og kapitalinntekt.

Personinntekt

Personinntekt er definert som summen av alle inntekter utanom kapitalinntekter.

Kapitalinntekt

Inntekter som kjem av å ha pengar (finanskapital) og eigedelar, til dømes bustad (realkapital), blir kalla kapitalinntekt. Dei vanlegaste kapitalinntektene er renteinntekter, leigeinntekter eller aksjeutbytte.

Alminneleg inntekt

Alminneleg inntekt er summen av alle skattepliktige inntekter, inkludert kapitalinntektene. Deretter trekkjer vi frå minstefrådraget, pensjonsinnskot, fagforeiningskontingent og kapitalutgifter.

Skatteutrekninga

Skatten blir berekna av den alminnelege inntekta. Bedrifta bruker då frikortet, prosentkortet eller tabellkortet som gjeld for den enkelte arbeidstakaren.

Undersøk

Gå inn på "Skatter og avgifter" på regjeringen.no og finn ut kva skattesatsane er for i år.

Skattetaten.no har òg ein skattekalkulator som du kan bruke til å berekne skatt.

CC BY-SASkrive av Stein Aanensen, Olav Kristensen og Cecilie Lund.
Sist fagleg oppdatert 27.01.2021

Læringsressursar

Rettar og plikter