Hopp til innhald
Film og filmklipp

3D-visualisering ved hjelp av VR-teknologi

Det finst fleire ulike måtar å visualisere interiørløysingar på. Ved hjelp av VR-briller kan vi bevege oss inn i eit rom som er designa digitalt. VR står for virtual reality eller kunstig røyndom og blir meir og meir vanleg i arkitektur og interiørfaget.
Video: Filmkonsulentene / CC BY-NC-ND 4.0

VR – kunstig røyndom

For å kunne nytte oss av VR må vi ha ei digital oppteikning av rommet som utgangspunkt. For å få til å lage ei VR-fil blir teikninga laga (frå til dømes Sketchup eller Archicad ) inn i eit VR-program som Enscape. Etter nokre innstillingar kan vi ta på VR-briller som tek oss inn i rommet vi har designa.

Det kan vere nyttig å gå inn i rommet ved hjelp av VR-briller. På den måten kan du som planlegg rommet, og kunden du planlegg for, oppleve korleis rommet ser ut og kva stemning de får av å vere inne i rommet. Vi kan sjå på avstandar, plassering av møblar, fargar og teksturar, og gjere endringar i etterkant.

Relatert innhald

Fagstoff
Digital oppteikning i interiørfaget

DAK står for data-assistert konstruksjon. Dersom du har tilgang på digitale teikneprogram, kan du bruke dette til å lage profesjonelle teikningar.