Hopp til innhald
Fagartikkel

Messestand

Messer fungerer som ein møteplass, der firma kan presentere seg og vise fram produkta og tenestene sine. Ein viktig del av eksponeringsdesign er å utforme gode messestandar. Her bruker vi standane til MIJO STUDIO under London Design Fair 2017, 2018 og 2019 som døme.

Messer

Messer fungerer som ein nasjonal og internasjonal møteplass, der firma kan presentere seg og vise fram produkta og tenestene sine. Her treffer dei potensielle kundar og samarbeidspartnarar. Messer er ein arena der seljar, produsent og kunde kan ta vare på kontaktar og utvide det profesjonelle nettverket sitt. Dei møter menneska bak firmaa, ser dei aktuelle handelsvarene, snakkar saman og kan inngå avtalar ansikt til ansikt.

London Design Fair

London Design Fair er ei designmesse retta mot interiørbransjen, der designarar frå over 40 land presenterer arbeidet sitt. Messa ønskjer å introdusere nye materiale, metodar og trendar for å inspirere dei besøkande og skape ei plattform for internasjonalt samarbeid.

MIJO Studio sin messestand på London Design Fair

MIJO STUDIO

Josefine Gilbert og Miranda Tengs Brun starta eit designstudio med fokus på tekstil, trykk og mønster i 2015. Dei har ei nysgjerrig og leiken tilnærming til kreative prosessar. Gjennom eksperiment med fargar og teksturar er arbeidet deira prega av eit handmåla uttrykk.

Dei designar kreative løysingar til utstillingar og eksperimenterande tekstilprodukt. Her samarbeider dei med ulike designfelt. Firmaet har designa mønster, plakatar og visuelle identitetar til alt frå senger til te-produsentar.

Målgruppe for messestanden

Målgruppa til MIJO STUDIO er andre interiørfirma som ønskjer å samarbeide med eit nytt og fargerikt firma, for å nå eit yngre og moderne publikum med produkta sine.

Utforming av ein messestand

Førebuingar og planlegging

Det første de må finne ut av, er kva som skal visast og promoterast på standen – kva produkt, prosjekt eller profil. Deretter må de planleggje korleis designet på standen skal sjå ut. Her er det viktig å tenkje på kva de vil framheve, og korleis de kan presentere designaren, firmaet eller bedrifta på best mogleg måte.

Prosessen startar ofte med små skisser, der du må tilpasse deg til dei kvadratmeterane du har tilgjengeleg. Her er det lurt å lage ein modell, anten digitalt eller fysisk, for å få ei oppleving av flatene de har å jobbe med.

Fotoshoot og promotering

I vekene før messa er det ein god idé å sende ut invitasjonar til kundar de ønskjer å kome i kontakt med. Då er det viktig å vise gode bilete av det som skal bli promotert på messa.

Prosessen med å utforme standen

Først må de måle veggane og måle opp kvar de vil montere dei ulike delane av standen. De har som regel ikkje så lang tid til å gjere standen klar. Då vil de oppleve at det er godt å ha skisser, modellar eller planteikningar å ta utgangspunkt i.

Skap merksemd og involver dei besøkande

Det kan vere lurt å ha ein aktivitet på standen, slik at de fangar interessa til dei besøkende, og gjere noko som sikrar at de skil dykk ut blant alle dei andre. Her er det ein god idé å tenkje på korleis du kan inspirere og samtidig invitere publikum inn i arbeidsmåtane til bedrifta og kreative univers.

På bileta ovanfor viser MIJO STUDIO korleis dei løyste dette ved oppmuntre dei besøkande til å eksperimentere og leike med fargar, mønster og materialitet. Her brukte dei gamle papir- og tekstilrestar til å lage små fargerike komposisjonar på eit postkort som dei fekk ta med seg – ein workshop der designarane og dei besøkande saman laga små kreative eksperiment. Her var informasjonen til bedrifta trykt på kortet, slik at det samtidig vart eit skreddarsydd visittkort.

CC BY-SA 4.0Skrive av Miranda Tengs Brun og Inger Gilje Sporaland.
Sist fagleg oppdatert 28.05.2020