Hopp til innhald

Fagstoff

Profileringsdesignar

Har du nokon gong lurt på kven som lagar informasjonsskilt, logoar, dekor og folie på kjøpesenteret, på firmabilen eller på biblioteket der du bur? Som profileringsdesignar leverer du kreative og estetiske løysingar til ulike kundar.

Ein profileringsdesignar jobbar med å lage og montere skilt og dekor for å synleggjere produkt og bedrifter. Du kan til dømes lage folie til ei vindaugsutstilling eller eit lysskilt i det offentlege rommet. Då jobbar du med ulike materialar, teknologi og maskiner. Profileringsdesign er eit allsidig yrke som er i kraftig vekst.

Utdanning

For å bli profileringsdesignar går du to år på vidaregåande skule og har to år læretid i bedrift før du tek sveinebrev. Her fortel Randi Helene Haugrim kvifor ho valde utdanninga og om vegen vidare frå sveinebrev til meisterbrev.

CC BY-SASkrive av Hanne Merethe Riskedal Staurland og Inger Gilje Sporaland.
Sist fagleg oppdatert 09.05.2022

Læringsressursar

Yrke innan frisør, blomar, interiør og eksponeringsdesign