Lamborghini eller Chanel
Lamborghini
Det italienske bilmerket Lamborghini er ei sterk merkevare innan luksusbilar. Sjå korleis Ferruccio Lamborghini, frå å vere ein traktorprodusent, strategisk bygde merkevara Lamborghini som eit luksusbilmerke og utfordra Ferrari. Filmen varer i 1 time og 30 minutt.
Chanel
Chanel er eit fransk motehus som er ei sterk merkevare innan moteklede. Chanel er kanskje mest kjend for å ha innført "den vesle svarte kjolen". Sjå filmen Coco før Chanel som fortel historia om den verdskjende motedesignaren Coco Chanel. Filmen varer i 1 time og 45 minutt.
Del 1
Beskriv og vurder anten Lamborghini eller Chanel si merkevarebygging basert på
informasjon frå filmen
eigen kjennskap til og kunnskap om merkevara
informasjon du finn ved å nytte deg av kjelder på nett
Del 2
Korleis trur du merkevareplattforma til Lamborghini eller Chanel kan sjå ut? Utarbeid eit forslag og fyll anten ut skjemaet nedanfor eller bruk eit vanleg tekstdokument. Ta eigne føresetnader der det er nødvendig.
Relatert innhald
Har du tenkt på at du er omgitt av merkevarer overalt? Men kva kjenneteiknar sterke merkevarer?
Kven skal vi vere som merkevare, og korleis skal vi formidle essensen i merkevara til omgivnadene?