Hopp til innhald
SubjectMaterialFagstoff

Fagstoff

Merking for kjeldesortering av emballasjeavfall

Vareprodusentar og -formidlarar produserer mykje emballasjeavfall som dei har plikt til å ta hand om. Her lærer du litt om reglane for merking av emballasje for kjeldesortering.

FooterHeaderIconFooter iconLK06
Plastemballasje i kontainer. foto.
Plastemballasje

Emballasjeavfall består anten av glas-, metall-, kartong- eller plastmateriale. Både glas-, metall- og kartongemballasje er lett å sortere utan sorteringsrettleiing. Plastemballasje må vi sortere slik at vi skil gjenvinnbar plast frå ikkje-gjenvinnbar plast.

Plastemballasje er merkt med desse symbola:

Polyetylentereftalat
Drikkeemballasje, såpeflasker, klede, teppe
Polyetylen – høg tettleik
Flasker, kanner, kasser, bereposar, tankar og røyr
Polyvinylklorid
Røyr, profilar, plastslangar, golvbelegg og regntøy
Polyetylen – låg tettleik
Bereposar, strekkfilm, krympefolie og landbruksfolie
Polypropylen
Boksar, spann, lokk/kapslar, vovne storsekker til gjødsel, fôr, tilsetjingsstoff og så vidare
Polystyren
Yoghurtbeger, plantebrett, finst også som EPS (ekspandert skumplast, isopor)
Andre
Samlenemning for alle andre typar plast

Plast merkt med 03 og 07 skal sorterast åtskild frå dei andre.

Sist oppdatert 28.12.2018
Tekst: Gunnar Ottesen (CC BY-SA)
Rettshavarar: NKI Forlaget og Amendor AS

Læringsressursar

Emballering og klargjøring

MenuBook

Fagstoff

MenuBook

Oppgåver og aktivitetar

MenuBook

Vurderingsressurs