Hopp til innhald

Arbeidsoppdrag

Lag ei framside til eit magasin

Kombiner fotokunnskapar og grafisk design med yrkesvalet ditt. Vel ein magasintype og lag ei framside som passar til denne sjangeren. Presenter gjerne eige handverk, design eller produkt på framsida.
Sju opne magasin er stabla oppå kvarandre. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Bli inspirert

Du skal bruke bilete du har teke sjølv og lage ei magasinframside. Framsida skal bestå av eit bilete i høgdeformat og tekst som passar til framsida og sjangeren. Besøk biblioteket og hent inspirasjon frå ulike typar magasinframsider. Vel eit magasin du liker. Ta utgangspunkt i denne layouten når du skal lage ditt eige arbeid.

Vel magasintype

Bruk eit eksisterande namn eller lag eit eige namn på magasinet. Vel fontar (skrifttypar), innhald og fargar på framsida som passar til biletet og magasintypen (sjangeren).

Gjer research på magasintypen du har valt. Kven er målgruppa, og kva verkemiddel bør du bruke for å nå målgruppa?

Viss du bruker biletfil av andre sitt magasinnamn, må du sikre at det er av god teknisk kvalitet, leggje ved lenkje til biletet og ikkje strekkje bildet.

Layout for forsida av Aftenposten sitt kulturmagasin. Foto.

Vel éin av desse magasinsjangrane:

  • interiør
  • mote
  • blomstrar
  • design
  • handverk

Nokre døme på fagblad er Kunsthåndverk, Form, Frisør, Retail Mag (eksponeringsdesign), Frame (interiør og produktdesign), Woodturning og Textile report.

Oppgåve

  • Ta fleire bilete i høgdeformat som passar til magasinsjangeren. Bileta må ha litt luft eller negativt rom rundt hovudobjektet, slik at du har plass til å plassere tittel og tekst.
  • Rediger biletet du ønskjer å bruke i biletredigeringsprogram. Vel eit godt utsnitt og gjer justeringar.
  • Set saman bilete og tekst i layoutprogram, slik at det blir ei magasinframside. Storleik: tabloid (432 x 279 mm). Du skal eksportere og levere det som PDF.
  • Dokumenter arbeidsprosessen.

Dokument og vurder

Lag eit dokument der du viser fram arbeidet ditt og tankane dine om prosessen. Legg ved bilete undervegs i dokumentet. Det held med skjermbilete.

  1. Fotografering: Forklar kva val du gjorde undervegs då du tok bilete. Kva utstyr brukte du? Skriv noko om location og lysforhold og komposisjonen av biletet. Korleis vil du seie den tekniske kvaliteten er? Legg ved eit par av bileta du tok, og skriv kvifor du valde det biletet du enda opp med.
  2. Omarbeiding av bilete: Legg ved eit uforedla bilete og det ferdigredigerte biletet. Kva har du endra? Skriv kva verktøy du har brukt, og skriv noko om kvifor du valde å bruke desse, og kva du ønskte å oppnå.
  3. Utforming av magasinframsida: Legg ved eit bilete av magasinframsida. Skriv noko om komposisjonen, typografi og innhald i teksten. Skriv noko om kva uttrykk du ønskjer å skape. Viss du har henta inspirasjon frå nokre konkrete magasinframsider, kan du leggje ved bilete av dei (og lenkje).
  4. Tankar og refleksjonar etter produksjonen: Kva har du lært i denne produksjonen? Kva ville du ha gjort annleis om du skulle ha gjort dette igjen? Kva er styrkane og svakheitene ved produktet ditt?
CC BY-SASkrive av Stina Åshildsdatter Grolid og Hanne Merethe Riskedal Staurland.
Sist fagleg oppdatert 21.03.2022

Læringsressursar

Grafisk design