Essayoppgåver om tekst i kontekst
Under kvar oppgåve finn du relaterte ressursar – desse kan vere fine å bruke som forarbeid til skriveoppgåvene.
Oppgåve 1: Opprøret mot autoritetane, finst det?
Jens Bjørneboe (1920–1976) var kjend som ein samfunnsrefsar som var spesielt oppteken av individuell fridom. Mange av tekstane hans kritiserte derfor autoritetar.
Gunnar C. Aakvaag (f. 1972) er ein norsk sosiolog som tidlegare har kritisert norske ungdommar for å vere for lydige og kjedelege.
Ta utgangspunkt i dei to vedlegga og skriv eit essay der du reflekterer over bodskapen i dei to tekstane.
Vedlegg:
Relatert innhald
Oppgåve 2: Har mannen spelt ut rolla si?
Skriv eit essay der du utforskar synet på kjønn og likestilling i dei to vedlegga nedanfor.
Vedlegg:
Essay (utdrag) av Camilla Collett: Om kvinnen og hennes stilling
Kronikk av Camilla Fossum Pettersen, NRK Ytring: Mannen er en evolusjonær blindtarm!
Relatert innhald
Oppgåve 3: Mennesket og byen
Dei tre vedlegga nedanfor handlar om mennesket i byen. Skriv eit essay der du utforskar korleis byen, og livet i byen, blir framstilt i dei tre vedlegga.
Vedlegg:
Relatert innhald
Oppgåve 4: Å vere annleis
Skriv eit essay der du reflekterer over korleis dei tre vedlegga nedanfor framstiller det å velje annleis enn majoriteten.
Vedlegg:
Animasjon av Christopher Nielsen: Rulletrappen
Dikt av Paal Brekke, nb.no: Som i en kinosal
Roman (utdrag) av Erlend Loe: Doppler