Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Han, ho eller den?

"Han" og "ho" er pronomen, mens "den" er eit peikeord. Når skal du bruke kva?

Peikeord

Som du nå veit, bruker vi ikkje “den” som pronomen i nynorsk, men “han” eller “ho”. Men vi bruker “den” som peikeord, det vil seie ord som hjelper oss å peike på eller peike ut nokon eller noko. Peikeorda får til vanleg trykk. Dei kan stå aleine eller framfor eit substantiv:

Den(ne) buksa var fin! Den (buksa) vil eg ha!
Den som ikkje har gøymt seg nå, skal stå!

Her ville det høyrast veldig rart ut med: *Ho buksa er fin. Ho vil eg ha! Derfor: Bruk øyrekontrollen!

Øving

Pronomen og peikeord – blanda drops

CC BY-SASkrive av Marion Federl og Åsa Abusland.
Sist fagleg oppdatert 21.05.2019

Læringsressursar

Nynorskkurs