Samanlikning av to dikt – slik skriv du hovuddelen
Når vi snakkar om motivet i diktet, meiner vi den konkrete, ytre handlinga eller skildringa. Eit dikt kan til dømes skildre ei rose, men etter litt refleksjon kjem vi kanskje fram til at diktet eigentleg handlar om kjærleik.
Då seier vi at rosa er motivet, mens temaet er kjærleik.
Modelltekst
Sjå på avsnittet under. Det er eit avsnitt som samanliknar motivet i diktet "Midt i byen" av Rudolf Nilsen og "Signaler" av Rolf Jacobsen. Dei ulike bokstavane/fargane viser strukturen i avsnittet. Orda/frasane i tjukk skrift er gode tekstbindarar og forsterkar samanlikningsperspektivet.
Oppgåve
Skriv eit avsnitt der du samanliknar tema i dei to dikta. Bruk gjerne avsnittet om motiv som hjelp til å byggje ein god struktur. I tillegg kan du "stele" denne setninga for å komme i gang med avsnittet om du vil:
Medan motivet i dei to dikta altså er byen og lydane i byen, er tematikken ...
Når vi snakkar om forma til eit dikt, meiner vi rett og slett korleis diktet er sett opp. Det er viktig å leggje merke til korleis forfattaren komponerer diktet sitt, for forma er vald bevisst og vil ofte understreke temaet i diktet. Då bør du leggje merke til dette:
Er diktet tradisjonelt – det vil seie har det strofeform, rim og fast rytme?
Er diktet moderne – det vil seie har det avsnitt utan rim og fast rytme, og gjerne av ulik lengde?
Kor mange avsnitt eller strofer er diktet sett saman av?
Understrekar forma tematikken? På kva måte i så fall?
Oppgåve
Skriv eit avsnitt der du samanliknar forma i "Midt i byen" og i "Signaler". Følg gjerne same mal som i modellteksten over. Bruk hjelpesetningane under viss du har behov for det.
Etter at du har samanlikna motiv, tema og form, kan du skrive om verkemiddel i dikta. Hugs at du skal vise korleis verkemidla styrkjer temaet i teksten, ikkje ramse opp alle verkemidla du finn.
Sjå på modellteksten under. I dette avsnittet om verdiladde ord blir det brukt mykje plass på å vise korleis verkemiddelet framstiller byen som noko positivt i Rudolf Nilsens dikt, medan dei framstiller byen motsett i diktet til Rolf Jacobsen.
Oppgåve 1
Skriv eit avsnitt om korleis besjelingar er brukt i dikta. Legg merke til at dei lydlege elementa som det står skrive om i avsnittet over, er tett knytte til desse besjelingane.
Oppgåve 2
Skriv eit avsnitt om korleis dikta blir avslutta. Her finn vi nemleg eit brot, eller noko nytt, i kvart av dikta.
Kanskje er konteksten spesielt viktig i dei dikta du skriv om? Bør du vise spesielle kunnskapar om tida tekstane kom ut i når du tolkar dei? Skriv gjerne eit avsnitt eller to der du seier noko om perioden tekstane kom ut i. Viss det eine diktet er eit samtidsdikt, bør du reflektere sjølvstendig over korleis temaet speglar vår tid.
Oppgåve
Skriv eit avsnitt der du drøftar tekst i kontekst i dei to dikta.
Relatert innhald
Det modernistiske diktet "Signaler" (1933) av Rolf Jacobsen handlar om mennesket sitt forhold til byen.