Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Korleis skrive gode kortsvar på eksamen?

Kortsvarsoppgåva utgjer ein viktig del av eksamen i skriftleg norsk på SF. Korleis skal du gå fram for å skrive gode kortsvar på eksamensdagen?
Kvinne skriv intenst på pc. Det stig bokstavar og andre teikn opp av pc-en. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Steg 1: Bli kjend med oppgåvene som kjem

Det aller første du bør gjere, er å setje deg inn i kva for ulike typar oppgåver som kjem til eksamen. For viss oppgåva spør deg om noko du ikkje forstår, kan du bli veldig stressa! Å vite kva som ventar deg, er rett og slett ein vaksine mot eksamensnervar.

Ei kortsvarsoppgåve og ei langsvarsoppgåve

Til eksamen vil du få to oppgåver. Desse er delte inn på denne måten:

  1. Du får ei kortsvarsoppgåve der du skal skrive 200–300 ord.

  2. Du får ei langsvarsoppgåve der du skal skrive 800–1200 ord.

I denne ressursen skal vi konsentrere oss om kortsvaroppgåvene.

Dette kan kortsvarsoppgåva innehalde

I kortsvarsoppgåva kan du til dømes bli beden om å

  • samanlikne form og/eller innhald i to korte tekstar

  • karakterisere språket i ein eller to tekstar

  • tolke den retoriske situasjonen til ein saktekst

  • beskrive dei retoriske appellformene i ein saktekst

  • gjere greie for samspelet mellom elementa i ein samansett tekst

  • analysere korleis ein litterær person er framstilt

  • gjere greie for den kulturhistoriske konteksten til ein tekst

  • vise korleis menneske, natur og/eller samfunn er framstilt i ein eller to tekstar

To døme

Eksempeloppgåve 1

Vedlegget er eit reisebrev av Camilla Collett frå Paris 20. juni 1878.

Gjer greie for kva Camilla Collett fortel om det å reise. Bruk døme frå vedlegget i svaret ditt.

Anbefalt lengde på svaret er 200–300 ord.

Eksempeloppgåve 2

Vedlegget er ordtak på norrønt, med direkte omsetting til moderne norsk i parentes.

Eigi er alt gull sem glóar 

(ikkje er alt gull som glimrar)

Det er ikkje gull alt som glimrar 

Af litlum gneista verðr mikill eldr

(Av liten gneiste blir mykje eld)

Liten gneiste gir stor eld

Over er dei same ordtaka skrivne på norrønt og moderne norsk.

Gjer greie for særtrekk ved norsk samanlikna med norrønt. Kommenter både på ord- og setningsnivå og vis med døme frå ordtaka. Bruk relevant fagspråk.

Skriv omtrent 200–300 ord.

Kva kompetansar skal du vise i kortsvarsoppgåvene?

  1. lesekompetanse

  2. skrivekompetanse

  3. norskfagleg kompetanse

Ein fuglefigur med briller les i ei ordbok. Illustrasjonsfoto.

Kva betyr "lesekompetanse"?

Elevar som går opp til eksamen i norsk i vg3, kan naturlegvis lese. Men kva betyr det eigentleg å "vise lesekompetanse"? Det handlar ikkje berre om å kunne sluke bøker, men om å

  • reflektere over innhaldet i ein tekst

  • tolke tekstar

  • vurdere tekstar kritisk

  • vise kunnskap om kva som kjenneteiknar ulike typar tekstar, og om kva funksjon dei har

Ein viktig del av lesekompetansen er òg å

  • vise at du kan avkode oppgåveteksten ved at du svarer på det oppgåva ber deg om

  • vise at du har forstått kva vedlegga handlar om, kva sjanger teksten er skriven i, kva som er tema/formålet i teksten, og kva som er hensikta med han.

Kva betyr "skrivekompetanse"?

Gut med ryggsekk og hovudtelefonar skriv på berbar pc. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

God skrivekompetanse handlar først og fremst om å uttrykke tankane sine på ein presis måte som kommuniserer godt med mottakaren. Vi kan samanfatte det på denne måten:

  • Du skal vise at du meistrar sjangerkrava oppgåva oppgir.

  • Du skal vise at du meistrar rettskriving og setningsoppbygging.

  • Du skal vise at du kan lage flyt i språket ved å bruke setningskoplarar.

  • Du skal vise at du kan bygge teksten din opp i ein formålstenleg struktur.

Kva betyr "norskfagleg kompetanse"?

Å vise norskfagleg kompetanse handlar rett og slett om å vise den kunnskapen du har tileigna deg i faget gjennom 13 års skulegang. Får du ei oppgåve om eit modernistisk dikt, er det til dømes formålstenleg å vise kunnskap om både tekst i kontekst og temaet, forma og verkemidla til diktet.

Du bør derfor bruke relevant fagspråk når du svarer på eksamen.

Ordklassar som strøymer ut av hovudet på ein person. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Korleis svare godt på kortsvarsoppgåva?

Kva er det eigentleg som er forventa av deg når du skal svare på kortsvarsoppgåva? Finn ut av dette ved å

  • lese og diskutere oppgåva med andre i klassen

  • lese og diskutere vurderingskriterium

  • lese og diskutere gode modelltekstar

  • øve deg på å skrive eit godt svar på ei eksempeloppgåve

  • få tilbakemelding av medelevar og lærarar

Her er ei liste over modelltekstar og oppgåver som skal hjelpe deg til å stille førebudd til oppgåva:

Steg 2: Samanfatt styrkane og svakheitene dine

Hand med penn som skriv på eit ark. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Skriv ein eksamenslogg der du noterer deg

  1. kva du får til og bør halde fram med når du skal skrive kortsvar til eksamen

  2. kva du bør øve meir på til eksamen

Kjelder

Utdanningsdirektoratet. (2020). Læreplan i norsk. Læreplanverket for Kunnskapsløftet 2020. https://www.udir.no/lk20/nor01-06/om-faget/grunnleggende-ferdigheter?lang=nob

Utdanningsdirektoratet. (2022). NOR1267 norsk hovedmål vg3 studieforberedende – Eksamensveiledning for sentralt gitt skriftlig eksamen – 2023. https://deltager.eps.udir.no/?deliveryExecutionId=257588cf758b-suomynona%252303f49e741710%2523504a3bd1d38b79d8e78a027b1848cd7a58c04481%25232

CC BY-NC-SASkrive av Åsa Abusland.
Sist fagleg oppdatert 02.01.2023

Læringsressursar

Øv deg til skriftleg eksamen