Oppgåve
Overtyd med logos
Finn og vurder argument
Vel ein av følgjande påstandar:
- Det er bortkasta å kjøpe vatn på flaske.
- Du bør velje yrkesfag.
- Alle barn bør få leike med lego.
Du skal overtyde ein venn om påstanden du har valt.
- Finn tre argument som du trur vil overtyde vennen din.
- Vurder om dei tre argumenta stemmer, om dei er relevante for å overtyde vennen din, og om dei kan bevisast (er haldbare).
- Gå til slutt saman to og to og vurder om dei argumenta de har komme fram til kvar for dykk, verkar sanne eller sannsynlege.