Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Kva er eigentleg fusk?

I 2021 blei rekordmange studentar tekne for fusk. Men det er slett ikkje sikkert alle som blei tekne, var klare over at det dei gjorde, var gale. Målet med denne oppgåva er at alle i klassen skal forstå kva som blir rekna som fusk.
Mobiltelefon, nettbrett og pc stabla oppå kvarandre. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Del 1. Er det så farleg då?

Litt fusk – er det så farleg, og får det eigentleg så store konsekvensar?

Oppgåve 1. Diskuter i grupper

  1. Veit de kva konsekvensar det får for dykk, viss de blir tekne for fusk på 1) universitetet, 2) ei prøve på skulen de går på, eller 3) eksamenane de skal ta til våren?

  2. Veit de eigentleg kva orda som blir brukte som døme på fusk, betyr? Diskuter omgrepa under, og kom med døme:

    • juks

    • plagiat

    • ikkje tilstrekkeleg kjeldeføring

    • sjølvplagiat

    • parafrasering

    • ureglementert samarbeid

Oppgåve 2. Oppklaring

Les all teksten på sida "Fusk" på nettsidene til Nord universitet. Diskuter deretter dei følgjande spørsmåla:

  1. Forstår de alle døma på fusk som blir beskrivne på sida til Nord universitet?

  2. Har de sjølv nokon gong fuska på nokon av desse måtane?

Oppgåve 3. Kva konsekvensar får fusk?

  1. Les reportasjen "Rekordmange blir tatt for fusking – savner informasjon om konsekvensene" på nrk.no.

  2. Kva konsekvensar fekk fusk, plagiat og manglande kjeldeføring for studentane i reportasjen som blei tekne for fusk?

  3. Kvifor klagar studentane i reportasjen på manglande informasjon?

  4. Kven har ansvaret for at studentane får rett informasjon om fusk?

  5. Kva er det spesielt viktig å tenkje på når de skal ha heimeeksamen på høgare studium?

Illustrasjon av ei vektskål, tjukke bøker og ein hammar stilte opp saman for å illustrere lov. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Del 2. Kva konsekvensar får fusk på skulen og til eksamen?

  1. Gå saman i par. Finn fram til skulereglementet på nettsida til skulen dykkar, og undersøk kva konsekvensar fusk, plagiat og manglande kjeldeføring kan få for dykk som elevar.

  2. Kva blir rekna som fusk på eksamen, og kva konsekvensar vil det få for dei som fuskar? Les på nettsida til Utdanningsdirektoratet, og diskuter om de forstår kva reglar som gjeld for dei ulike faga de har.

CC BY-SASkrive av Åsa Abusland.
Sist fagleg oppdatert 04.04.2022

Læringsressursar

Kjeldebruk