Hopp til innhald

Fagstoff

Fagfornyinga i norsk vg3 på NDLA

Vi reviderer norsk vg3 SF etter den nye læreplanen LK20 og laga spennande nytt innhald!
Ei jente og ein gut samarbeider på ein datamaskin. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Fullverdig læremiddel

I faget norsk vg3 SF på NDLA vil du finne fagartiklar, oppgåver, tidslinjer, læringsstiar, filmar og interaktive oppgåver som dekkjer alle kompetansemåla i norskfaget i LK20.

Vi har lagt vekt på å følgje intensjonane i overordna del, kjerneelementa og tekstane som beskriv relevansen til faget og sentrale verdiar. Det vil seie at du vil finne fagressursar som skal få elevane til å utforske, vere kreative og skapande. Elevane blir utfordra til å reflektere, sjå etter samanhengar, vere kritiske og gå i djupna. Vi har òg teke på alvor at norsk er eit sentralt fag for kulturforståing og identitetsutvikling. Gjennom tekstar og oppgåver vil elevane utfordrast til å finne stemma si, få eit nytt blikk på seg sjølv og "dei andre".

Kva er nytt?

Vi held fram med å strukturere faget etter kjerneelementa, men det dukkar opp mange nye undertema, og plasseringa kan skilje seg noko frå dagens fag. Somme velbrukte fagressursar har fått ei lita ansiktsløfting, men vi har laga mykje nytt innhald, som mellom anna nye kjeldetekstar (både skjønnlitteratur og sakprosa), nye undervisningsfilmar og svært mange nye oppgåver. Under kan du lese om nokre grep vi har teke:

Skriveopplæring

Vi fører vidare grepa frå vg1 og vg2 med modelltekstar og steg-for-steg-læringsressursar som styrkjer skriveferdigheitene til elevane. Oppdraga blir litt meir krevjande, og vi innfører nokre fleire omgrep for å sikre progresjon i skriveopplæringa. Vi utviklar òg skriveressursar der elevane trenar heilt spesifikt på skriftleg eksamen.

Tematisk tilnærming

Under kjerneelementet "Tekst i kontekst" held vi fram med tematisk inndeling av ressursane. I vg2 og vg3 legg læreplanen vekt på at elevane skal setje tekstar i kulturhistorisk kontekst og drøfte korleis dei er relevante i dag. Derfor vil det å trekkje linjer mellom fortid og notid vere viktig i både oppgåvene og fagstoffet vårt under dei ulike temaa.

Undertema i vg3 er:

  • Mennesket og naturen

  • Opprøret mot autoritetane!

  • Skam og ære

  • Utanfor eller innanfor?

  • Likestilling og seksualitet

Kvart tema har ein fagartikkel som trekkjer linjene mellom eldre og nyare litteratur og fleire oppgåver som hjelper elevane til å utforske og gå i djupna.

Ikkje berre tematisk

I tillegg til tematiske inngangar til "Tekst i kontekst" vil du òg finne ressursar ordna kronologisk under temaet "Litteraturhistorie" og i vår nyoppussa "Språk- og litteraturhistoriske tidslinje".

Språk, kultur og identitet

Kompetansemålet knytt spesifikt til språk i vg3, seier at elevane skal gjere greie for endringar i talespråk i Noreg i dag og reflektere over samanhengar mellom språk, kultur og identitet. I dette emnet tek vi for oss situasjonen i dag og prøver òg å sjå fram i tid. Samtidig ser vi på korleis talespråket, og spesifikt dialektane, har endra seg over tid. For dei som vil fordjupe seg i dialekttrekk, har vi oppdatert dialektlæra.

Samansette tekstar

Under dette emnet vil de finne alt de treng for å oppfylle læreplanmålet der elevane skal analysere uttrykksformer i samansette tekstar i ulike medium og vurdere samspelet mellom dei. I vg3 har vi òg valt å utfordre nokre etablerte praksisar i klasserommet, slik at elevane ikkje berre endar opp med å analysere reklamar. De kan dykke i djupet på mellom anna mem, geriljabroderi og gatekunst.

Støtte til læringsarbeidet og planlegging

Metodane og tilnærmingane som ligg i overordna del gjeld alle fag, og det har vi i NDLA teke på alvor. Vi har derfor laga eit eige "fag" som vi kallar Verktøykassa, det er delt i Verktøykassa for elevar og Verktøykassa for lærarar. Der ligg ressursar som både lærarar og elevar vil ha nytte av i planlegging av undervisning og i læringsarbeidet.

Jobb tverrfagleg

Du kan jobbe med tverrfaglege tema berre i norskfaget, og då finn du ressursane ved å søkje på temaet når du er i faget. Du kan òg la elevane jobbe med problemstillingar dei kan finne svar på ved å bruke ressursar frå fleire fag. Vi har samla fleire slike problemstillingar og casar i eit eige fag: Tverrfaglege tema.

CC BY-SASkrive av Marthe Johanne Moe.
Sist fagleg oppdatert 08.12.2021

Læringsressursar

Korleis jobbe med norskfaget?