Hopp til innhald

Fagstoff

Gjer det bra på munnleg eksamen

På munnleg eksamen skal du vise det du har lært i norskfaget gjennom tre år på vidaregåande skule. Nervøs? Det hjelper å førebu seg godt! Her får du tips til kva du bør gjere fram til eksamen, mens du førebur deg og under sjølve eksamen.
To elevar som sit og jobbar konsentrert på eit bibliotek. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Jamn jobbing er alltid best

Gode læringsstrategiar hjelper deg til å lære effektivt gjennom heile skuleåret. Berre det å følgje med, notere og stille spørsmål undervegs i undervisninga gjer at du får det langt enklare når du skal repetere og førebu deg til munnleg eksamen. Det er også ein god idé å diskutere faget med andre. Når du vekslar mellom å lese, skrive, lytte og snakke, lærer du betre.

Ha orden i notata dine

Same kva slags program eller system du bruker, er det lurt å gi dokumenta dine namn som gjer det lett for deg å finne tilbake til dei. Notat du skreiv for lenge sidan, kan vere vanskelege å forstå om du har skrive veldig kort og i stikkordform. Prøv derfor å knyte dei til lenkjer på internett og/eller sidetal i lærebøkene der det står meir utfyllande om emnet. Legg gjerne også til kva kompetansemål det du skriv om, er knytt til.

Når du kjem seint i gang …

Viss du les desse råda like før eksamen på våren i vg3, er det litt seint å ta igjen det du burde ha gjort undervegs i skuleåret. Då er det spesielt viktig at du les og førebur deg effektivt den siste tida fram mot eksamen. Start med å få oversikt over fagstoffet og læreplanen.

Få oversikta

Læreplanen i norskfaget beskriv kva slags kompetanse det er forventa at du har etter enda skuleløp. Les han! Ein del av kompetansemåla er spesifikt knytte til kjerneelementet skriftleg tekstskaping, så dei treng du ikkje å ta omsyn til no. Alle dei andre kompetansemåla er relevante til munnleg eksamen.

Ta for deg kvart kompetansemål, og noter ned kva de har jobba med på skulen som er eit svar på dette. Gjer gjerne dette saman med ein medelev. Då er det enklare å komme på kva de har lese, skrive og snakka om i timane i dei tre åra som er gått.

Tankekart er ein god metode å bruke for å lage oversikta, for du vil antakeleg oppdage at det er mykje som heng saman og overlappar i norskfaget.

Døme

Her ser du eit døme på korleis eit tankekart kan sjå ut. Klikk på biletet for å forstørre det.

Tankekart med kompetansemålet "Eleven skal kunne gjere greie for endringar i talespråk i Noreg i dag og reflektere over samanhengar mellom språk, kultur og identitet" i midten. Ut frå det går det piler ut til tema som er relevante, og som eleven har jobba med i faget. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Tankekartet viser korleis emne kan knytast til eit kompetansemål, og korleis ulike emne kan henge saman. Her er også konkrete oppgåver som eleven har jobba med, lagde inn. Det kan også vere lurt å leggje inn viktige fagomgrep knytte til dei ulike emna.

I førebuingsdelen av eksamen: Les oppgåva nøye, og bruk faglærar

24 timar før du skal ha eksamen, trekkjer du ei eksamensoppgåve. Den kan innehalde ei ferdig problemstilling og/eller eit overordna tema du skal ta for deg. I tillegg skal det følgje med ei oversikt over kva kompetansemål du skal prøvast i.

På denne førebuingsdagen skal du ha tilgang på ein faglærar som kan hjelpe deg å forstå kva oppgåva går ut på. Bruk den moglegheita til å stille spørsmål og avklare alt du lurer på! Det kan også vere lurt å bruke nokre timar på å setje opp eit tankekart og diskutere oppgåva med medelevar før du går heim for å førebu deg. Sjekk at du har alle bøkene du treng, før du dreg frå skulen!

Snakk!

Eit av dei beste tipsa til munnleg eksamen er: Snakk! På eksamensdagen skal du prate, og derfor bør du også gjere det når du førebur deg. Viss du har snakka deg gjennom det du vil seie, før du møter i eksamensrommet, blir det mykje lettare enn om du skal snakke om pensum høgt for første gong på sjølve eksamensdagen.

Det aller beste er om du samarbeider med nokon som har komme opp i same fag og emne som deg sjølv. Høyr kvarandre, og gi kvarandre tips til korleis de kan formulere dykk.

Viss du er åleine: Les pensum, lukk igjen bøkene og gå rundt på rommet ditt og snakk høgt til deg sjølv.

Ein sjølvsikker, ung mann med slips ser på seg sjølv i ein spegel mens han blunkar med eit auge og smiler lurt. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

"Gjett" kva dei kjem til å spørje om

Du har to klare peikepinnar som hjelper deg å føresjå kva du skal snakke om på eksamen.

Den første er temaet eller problemstillinga du blir beden om å gjere greie for. Dette legg føringar for store delar av eksamen. Ver førebudd på at faglærar og sensor kan be deg utdjupe og forklare delar av det du seier.

Dei vil også be deg trekkje linjer til andre delar av faget. Derfor er det viktig at du ser godt på kompetansemåla i faget som du får oppgitt i oppgåva di. Det er den andre peikepinnen du får. Sjå om det finst nokre tema og/eller tekstar som er relevante å snakke om under fleire kompetansemål.

Døme

Du har fått følgjande problemstilling: Korleis ser talemålet i Noreg ut i dag?

Du har valt å presentere korleis engelsk påverkar det norske språket, og du har valt å sjå på dagens situasjon.

Her kan du i etterkant av presentasjonen bli beden om å forklare den historiske bakgrunnen for språksituasjonen i dag. Det kan også vere relevant å spørje deg om skjønnlitterære tekstar som viser samanhengar mellom språk, kultur og identitet. I tillegg har de kanskje jobba med retorisk analyse av eit debattinnlegg om språkbruk? Då kan det vere at faglærar ber deg om å kommentere det.

På eksamensdagen

Nærbilete av ei ung kvinne som bit negler. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Mens du ventar på at det er din tur til å sleppe inn til eksamineringa, kan du snakke gjennom stoffet ditt, anten høgt eller inni hovudet. Det kan vere lurt å unngå medelevar på dette tidspunktet, for dei kan gjere deg usikker på førebuingane dine eller overføre sin eigen nervøsitet til deg. Fokuser på det du skal seie, og stol på deg sjølv!

Hald deg til oppgåva

Du har førebudd deg ved å svare på oppgåva du fekk på førebuingsdagen. Uavhengig av korleis du vel å leggje fram svaret ditt, er det viktig at du i starten kort seier korleis du har forstått oppgåva. Deretter skal du greie ut, forklare og komme med konkrete døme som leiar fram til eit svar på problemstillinga. Svaret på problemstillinga bør kunne samanfattast i ei setning.

Trekk linjer, og vis sjølvstende

Viss du har førebudd deg godt og ser kva emne det er mogleg å snakke om ut frå oppgåva og kompetansemåla du har fått, kan du prøve å ta styringa over samtalen sjølv. Snakk i veg, vis at du kan trekkje linjer mellom før og no og reflektere over faglege problemstillingar. Då viser du sjølvstende. Faglærar stoppar deg viss hen ønskjer at du skal snakke om noko anna.

Ver konkret …

Sjølvstende, refleksjon og kritisk tenking er vel og bra, men det er også viktig å vise norskfagleg kunnskap. Korleis skal du gjere det?

… om litteratur

  • Bruk namn på forfattarar og nokre sentrale verk dei har skrive. Det skader heller ikkje å kjenne til eit par sitat. ("Henrik Ibsen er mest kjend som kritisk realist og for samtidsdramaa som kritiserte samfunnet. Aller mest kjent er nok Et dukkehjem som handlar om … Nora går fordi ho har levd som ei "dokkehustru" i ein "leikeheim.")

  • Plasser forfattarane i kontekst. Det kan ofte forklare kvifor dei skreiv som dei gjorde. ("Tidleg i forfattarskapen skreiv Hamsun bøker som var modernistiske. Han tok eit oppgjer med typane til realistane, som t.d. Ibsen. Men då han tok oppgjeret, hadde jo Ibsen allereie byrja å skrive modernistiske tekstar, som t.d. Hedda Gabler. Og Hamsun sjølv utvikla seg jo i motsett retning: Han blei konservativ realist utover på 1900-talet, med t.d. Markens grøde.")

  • Bruk rette fag- og sjangeromgrep. ("Modernistane skreiv gjerne eksperimentelle tekstar. Mellom anna skreiv dei ikkje-strofiske dikt, ofte med eit upoetisk språk og oppbroten syntaks. Prosaen hadde gjerne fleire forteljarstemmer og blei fortald i ein medvitsstraum.")

Maleri med portrett av Henrik Ibsen. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

… om språk

  • Bruk namn på dei mest kjende personane frå språkhistoria, og samanlikn språksynet deira. ("Henrik Wergeland var den sterkaste forkjemparen for gradvis fornorsking på 1830-talet. Slik liknar han på Knud Knudsen, som kjempa for det same.")

  • Trekk lange linjer, gjerne til dagens språksituasjon. (Både Ivar Aasen og Knud Knudsen var puristar. Det betyr at dei ville halde språket fritt for påverknad frå andre språk. Dei hadde nok ikkje blitt særleg fornøgde om dei levde i dag. Rett nok har vi Språkrådet i dag som foreslår fornorskingar av importord, men det blir ikkje alltid like vellykka.")

  • Bruk fagomgrep. ("Wergeland sine motiv var framfor alt demokratiske og nasjonale. Demokratiske fordi han meinte alle skulle kunne bruke språket. Nasjonale fordi han var tilhengjar av at Noreg skulle bli ein sjølvstendig nasjon med eit eige språk.")

Portrett av Ivar Aasen. Maleri.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Nervøs? Få kontroll på kropp og hovud

Mange blir veldig nervøse før og under munnleg eksamen, sjølv om dei har førebudd seg godt. Kanskje byrjar stemma å skjelve, dei blir stive som ein pinne i kroppen, eller dei byrjar å fikle med penn og papir som ligg framfor dei. Nokre blir tørre i munnen, får jernteppe og kjem ikkje på det dei veit at dei kan.

Pust

Eit godt tips er å bruke pusten for å få kontroll: Trekk tre djupe, lange drag, inn gjennom nasen og ut gjennom munnen. Det kjennest kanskje som du bruker ei æve, men det gjer ingenting. Både faglærar og sensor forstår, og dei skal også samle tankane før du byrjar å snakke.

Drikk vatn

Ha med ei vassflaske, og drikk vatn undervegs. Dette er lurt både for at du ikkje skal bli tørr i munnen, og fordi du får ein liten pause og kan samle tankane når du drikk.

CC BY-SASkrive av Marthe Johanne Moe og Åsa Abusland.
Sist fagleg oppdatert 29.03.2022

Læringsressursar

Om eksamen