Hopp til innhald
Øving

Rettlei kvarandre undervegs i prosessen

Iblant er det lurt å stoppe opp og oppsummere kor langt de har komme med eit prosjekt, før de planlegg det vidare arbeidet. Øv dykk på å presentere prosjekt for kvarandre.

Munnleg øving

Gå saman to og to. Den eine fortel om prosjektet sitt, og den andre stiller spørsmål og kjem med innspel. Etterpå byter de roller.

  1. Fortel om tankane dine rundt prosjektet ditt. Vis gjerne bilete som inspirerer deg.
  2. Vis skissene dine og forklar arbeidsteikninga di. Grunngi kvifor du har valt å gå vidare med denne ideen.
  3. Forklar med faguttrykk kva du har gjort så langt.
  4. Fortel kva du planlegg å gjere vidare.
  5. Oppsummer kva du synest om prosjektet ditt så langt.

Relatert innhald

Fagstoff
Fagsamtalar i prosjekt

Øv på å fortelje om prosjekta og arbeidsprosessane dine. Fagsamtalar er eit godt verktøy til rettleiing, eigenvurdering og refleksjon over eiga læring.