Hopp til innhald
Fagartikkel

Universell utforming av fysiske omgivnader og digitale løysingar

Krav til universell utforming av fysiske omgivnader og digitale tenester er forankra i likestillings- og diskrimineringslova. Universell utforming sikrar at personar med nedsett funksjonsevne har ei likeverdig deltaking i samfunnet.
Video: Extreme Music, Filmkonsulentene / CC BY-NC-SA 4.0

Kva er universell utforming?

(UU) vil seie å forme produkt, tenester og omgivnader slik at alle kan bruke dei. Flest mogleg skal kunne gjere det som trengst å gjerast. Det er eit viktig poeng at verdigrunnlaget for universell utforming er likestilling og ikkje-diskriminering.

Til dømes vil ei rampe ved sida av ei trapp bidra til at rullestolbrukarar kjem seg greitt fram. Det same vil hjelpe personar med barnevogn. Gjennom teksting av film får høyrselshemma med seg innhaldet, men det hjelper òg andre dersom det er mykje støy i omgivnadene.

Dersom vi tenker på at alle skal ha like moglegheiter til samfunnsdeltaking med ein gong, slepp vi å kompensere for dårlege løysingar seinare. Små og enkle tiltak hjelper alle. Tankesettet i universell utforming sikrar at løysingar kjem alle til gode med ein gong. Slik motverkar universell utforming diskriminering på grunnlag av nedsett funksjonsevne.

Inntil vidare er universell utforming (UU) best dekt opp innan IKT, arkitektur, transport og samfunnsplanlegging.

Universell utforming er lovpålagd

Krav til universell utforming ligg forankra i lov om likestilling og forbod mot diskriminering (likestillings- og diskrimineringslova). Den første paragrafen i "Kapittel 3 Universell utforming og individuell tilrettelegging" handlar om UU generelt og den andre om UU i informasjons- og kommunikasjonstenester.

§ 17. Universell utforming
Offentlige og private virksomheter rettet mot allmennheten har plikt til universell utforming av virksomhetens alminnelige funksjoner.
(Likestillings- og diskrimineringslova, 2017, § 17)

§ 18. Universell utforming av IKT
Offentlige og private virksomheter har plikt til universell utforming av hovedløsninger for informasjons- og kommunikasjonsteknologi (IKT) rettet mot eller stilt til rådighet for bruker, slik at virksomhetens alminnelige funksjoner kan benyttes av flest mulig, uavhengig av funksjonsnedsettelse.(Likestillings- og diskrimineringslova, 2017, § 18)

Universell utforming inngår i mange lover og forskrifter

I Noreg er universell utforming inkludert i fleire lover:

  • diskriminerings- og tilgjengelegheitslova

  • plan- og bygningslova med byggteknisk forskrift (TEK 10)

  • universitets- og høgskulelova

  • anskaffingslova

  • forskrift om universell utforming innan IKT

Universell utforming og offentlege bygg

Offentlege bygg skal formast slik at dei er tilgjengelege for alle. Prinsippet er at det ikkje skal lagast spesialløysingar for enkeltgrupper.

  • Alle dører og inngangar skal vere tilgjengelege med rullestol.

  • Det finst heisar som gjer alle rom tilgjengelege for dei som er rørslehemma.

  • Det skal vere god skilting for enkel framkomme.

  • Merking gjer det mogleg og trygt for synshemma å ta seg fram.

Universell utforming og digitale løysingar

Video: Klipp og lim / CC BY-SA 4.0

I utforming av digitale løysingar og nettsider følger vi forskrift om universell utforming av IKT-løysingar. På Uutilsynets nettsider finn du rettleiingar, sjekklister og løysingsforslag for korleis du sikrar universell utforming, til dømes om

  • koding av bilete, bilettekst, alt-tekst

  • koding av tabellar

  • utforming av lenker

  • kontrast og fargebruk

  • bruk av lyd og video

  • språkbruk

  • strukturering av innhald

Arbeid med universell utforming er ei tilnærming i medieproduksjon du tek med deg kontinuerleg.

Involver ulike brukargrupper tidleg i prosessar og skaff deg god innsikt, så sikrar du at innhald og navigasjon fungerer for alle. Universell utforming og brukarinvolvering sikrar kvalitet for sluttbrukaren, same kven sluttbrukaren er.

Kjelder

Direktoratet for byggkvalitet. (2020, 14. januar). Hva er universell utforming? https://dibk.no/verktoy-og-veivisere/universell-utforming/lar-mer-om-universell-utforming/hva-er-universell-utforming/

Likestillings- og diskrimineringslova. (2017). Lov om likestilling og forbud mot diskriminering (LOV-2017-06-16-51). Lovdata. https://lovdata.no/lov/2017-06-16-51

Lid, I. M. (2021, 27. desember). Universell utforming. I Store norske leksikon. Henta 13. august 2022 frå https://snl.no/universell_utforming

Tilsynet for universell utforming av IKT. (u.å.). Løsningsforslag for nettsider. Henta 13. august 2022 frå https://www.uutilsynet.no/nettsteder/losningsforslag-nettsider/36

CC BY-SA 4.0Skrive av Albertine Aaberge, Marit Smith Sørhøy, Guri Bente Hårberg, Vigdis Haugan og Johannes Leiknes Nag.
Sist fagleg oppdatert 07.04.2022