Oppgåve
Stilisering av eit musikkinstrument
Ta utgangspunkt i eit musikkinstrument. Framstill instrumentet på minst ti ulike måtar med ulik grad av stilisering og abstrahering.
Du kan gjere oppgåva med papir og blyant eller i eit eigna dataprogram.
Sjå om du minst får til å lage versjonar som:
- er bygd opp av rette linjer
- er bygd opp av mjuke linjer
- berre består av eit omriss
- er så forenkla at det berre blir antyda kva slags instrument det er
- består av berre ein del av instrumentet (bør vere karakteristisk og typisk)
I dei fem siste versjonane kan du bruke fantasien din fritt!
Tips
Målet er å få til å lage tydelege ikon utan for mykje detaljar.
Prøv å utfordre deg sjølv ved å forenkle sjølv etter at du meiner det ikkje går lenger.
Prøv å variere linjetjukkleik, stilen på linjene og om du bruker omriss eller fyllfarge.