Hopp til innhald
Fagartikkel

CMYK og spesialfargar i trykk

Fargane i design, prøver og det ferdige trykket eller produktet skal stemme overeins. Når brukar vi spesialfargar, og kvifor? Her får du ei innføring i korleis Pantone Matching-systemet fungerer.

Med spesialfargar meiner vi i denne samanhengen fargar som er ferdigblanda før dei blir trykte på papiret. Spesialfargane blir ikkje sett saman av dei fire fargane i CMYK, cyan (blå), magenta (raud), gul og svart.

CMYK

CMYK blir brukt på dei fleste trykksaker, og kan som regel gi ei ”trinnlaus” og fullstendig fargeattgjeving. Men enkelte gongar kan du ha behov for fargar som ligg utanfor fargerommet til CMYK. Då kan du bruke spesialfargar.

Når bruker vi spesialfargar?

Det kan vere fleire grunnar til at du ønskjer å bruke ein spesialfarge, aleine eller i tillegg til CMYK:

  • Fargen lar seg ikkje blande med CMYK.
  • Det er viktig at fargen blir gjeve att heilt nøyaktig.
  • Du ønskjer å bruke få (ein til tre) trykkfargar.

Døme på fargar som ikkje kan blandast med CMYK er fluoriscerande (såkalla sjølvlysande) fargar, metalliske fargar som gull og bronse eller enkelte pastellfargar. Det kan vere mange grunnar til at du ønskjer ei nøyaktig fargeattgjeving på forskjellige flater. Logoar skal vere nøyaktige, og vi bruker derfor spesialfargar i logodesign.

Coca Cola-logoen som døme

Sjå for deg ein pall med Coca Cola der etikettane er trykte på forskjellige tidspunkt og kanskje i forskjellige trykkeri. Viss dei hadde vore trykt med CMYK-fargar, hadde det blitt opp til kvart enkelt trykkeri å vurdere om raudfargen er ”Coca Cola-raud” nok. Dei ville målt og samanlikna raudfargen, men likevel kunne flaskene fått litt ulike raudnyansar – kanskje nokon litt gulare eller mørkare i raudfargen enn dei andre. Med spesialfargar slepp ein denne utfordringa, fordi fargen er ferdigblanda, nøyaktig etter ei oppskrift, før han blir trykt på underlaget.

Det kan også hende at det berre er behov for to fargar i trykksaken din. Viss vi brukar etikettane til Coca Cola som døme igjen, består dei av to fargar: svart og raudt (i tillegg til den kvite bakgrunnsfargen på papiret). I staden for å bruke alle dei fire CMYK-fargane til å blande desse to fargane, kan det vere pengar å spare på å berre bruke to trykkplater og to trykkverk med ferdige fargar.

Pantone Matching System (PMS)

Pantone Matching System (PMS) er eit standardisert fargereferansesystem. Det er oftast Pantonefargar som blir brukte som spesialfargar for trykk. Grunnen til at vi kallar det eit fargereferansesystem og ikkje eit fargesystem, er at det består av fargevifter med trykte prøver av 1114 fargar.

Vi kan altså ikkje blande kva farge som helst, men må velje frå førehandbestemte døme i fargeviftene. Desse blir selde saman med oppskrifter på korleis trykkeriet kan blande seg fram til dei tilsvarande trykkfargane ut frå 15 utgangsfargar.

PMS-fargar blir ikkje berre brukt i logoar, men er ein standard som blir brukt på mange område for korrekt fargeattgjeving, til dømes som referansesystem for fargar i flagg. I det norske flagget skal nyttast PMS 032 U for raudfargen og PMS 281 U for blåfargen.

Prøv ut: Sjekk om du har programvare som lar deg bruke Pantonefargar. Sjå om du klarar å finne fargane i det irske flagget eller eit anna flagg.