Introduksjon
CC BY-SA 4.0
I denne guiden (læringsstien) går vi gjennom stega som trengst for å setje opp WordPress og operativsystemet Ubuntu Server på ei fysisk datamaskin.
For å gjennomføre denne guiden treng du ei datamaskin du kan installere Ubuntu Server på. (Obs: Installasjonen vil slette eksisterande innhald på maskina.) Datamaskina bør vere tilknytt eit kabla nettverk og ha internettilgang.
Du treng òg ei datamaskin (klientmaskin eller elev-PC) med nettlesar som er kopla til nettverket, slik at du kan laste ned nødvendig programvare, opprette installasjonsmedium og fjernstyre serveren.
Du treng ein USB-minnepenn for å flytte Ubuntu-installasjonsfilene til den fysiske maskina du skal installere på. (Obs: Eksisterande innhald på minnepinnen vil bli sletta.)