Hopp til innhald

Fagstoff

Kva er periodisering?

Periodisering i historiefaget handlar om å dele historia inn i ulike periodar, eller epokar, og det kan brukast til å forklare og forstå den historiske utviklinga.
Fleire roskip med folk ombord og skjold langs ripene. Roskipa står mot kvarandre ute på havet. I bakgrunnen ser vi tre langskip med segl. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Kva må du kunne?

Læreplanen seier at du skal kunne "reflektere over hvorfor historikere deler inn i fortiden i perioder og vurdere hvordan vi kan periodisere fortiden på grunnlag av ulike kriterier".

Denne animasjonen forklarer kva periodisering er med fleire ulike døme.

Arkeologiske og historiske periodar

For Vg2-faget som handlar om eldre historie, vil vi snakke både om arkeologiske og historiske periodar. Kva er så forskjellen?

Arkeologiske periodar er baserte på materielle funn og materielle kjelder, og arkeologi er vitskapen om førhistorisk tid. Førhistorisk tid handlar om dei periodane av historia som ikkje berre ligg før skriftlege nedskrivingar, men òg før vi kunne setje hendingar i ei kronologisk rekkjefølgje sidan det ikkje fanst ein nøyaktig kalender.

Historiske periodar har skriftlege kjelder, og historie er vitskapen om historisk tid, altså om periodane etter at vi fekk skriftlege kjelder. I Noreg og Norden set ein gjerne historisk tid til innføringa av kristendommen, cirka 1000 e.Kr., mens i Egypt og Midtausten starta denne perioden allereie rundt 3000 f.Kr.

Overgangar

Når starta eigentleg jernalderen? Eller når starta til dømes mellomalderen? Når slutta eigentleg antikken? Kvifor set ein eit skilje akkurat då?

Ein ser ofte på fellestrekk og lager overgangar til nye periodar gjennom å sjå kva som blir endra til dømes sosialt, kulturelt, økonomisk og teknologisk.

Utfordringar med periodisering

Ei utfordring med periodisering er at utvikling skjer til ulike tider på ulike stader i verda, og at vi då får til dømes mellomalder på ulike tider i Europa og i Noreg. Dei fleste vil uansett vere samde om at to av dei viktigaste inndelingane er jordbruksrevolusjonen og den industrielle revolusjonen.

CC BY-SASkrive av Inga Berntsen Rudi og Magnus Sandberg.
Sist fagleg oppdatert 12.05.2021

Læringsressursar

Å dele i periodar