Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Lag ei veggavis!

I denne oppgåva skal de fordjupe dykk i emnet fisk som råstoff. Gå saman i grupper på to eller tre og løys oppgåvene. Presenter svara som ei veggavis. Bruk bilete og tydeleg skrift for å få fram svara dykkar på spørsmåla.
Tre smilande jenter som ser i ei bok og diskuterer. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Oppgåve 1

  • Kvifor skal vi ete fisk?

  • Kva inneheld fisk som gjer at han er så bra for oss?

Oppgåve 2

  • Korleis vurderer vi om ein fisk har god kvalitet?

  • Korleis bør vi emballere og lagre fisk og fiskeprodukt?

Oppgåve 3

Vel ein fisk frå anten torskefamilien, laksefamilien eller flyndrefamilien.

Finn faktaopplysningar om fisken, som til dømes:

  • Kvar lever han?

  • Korleis kan han brukast?

  • Næringsinnhald

  • "Fun fact"

  • Ein vanleg tillagingsmetode for fisken og tilbehøyr som passar til

Oppgåve 4

Kva meiner de må til for at vi skal ete meir fisk?

CC BY-SASkrive av Einar Martin Kålen.
Sist fagleg oppdatert 19.10.2022

Læringsressursar

Fisk som råstoff