Hopp til innhald

Fagstoff

Poteter

Poteta er den tredje viktigaste matplanta i verda. Berre kveite og ris blir det dyrka større mengder av enn poteta, men ingen matplante blir dyrka i fleire land enn poteta.

Det er eit stort uutnytta potensial ved poteta, og ho gjer det mogleg å skaffe nok mat og sunn mat til den aukande befolkninga i verda i åra som kjem.

Poteta er den mest effektive matplanten i verda, sidan ingen annan plante kan produsere meir etande energi per arealeining enn den. Så mykje som 75–85 prosent av produksjonen til planten kan nyttast til mat.

Potetskrellar. Foto.

Poteta veks vilt i Sør-Amerika, og dei første potetene vart etne i Andesfjella for kanskje så lenge som 10 000 år sidan. Poteta kom til Europa med dei spanske erobrarane på 1500-talet, og vart først dyrka på Kanariøyane. Derifrå spreidde poteta seg til resten av Europa og til andre delar av verda.

Poteta var hovudårsaka til at befolkninga i Europa auka og fekk betre helse utover på 1800-talet. Mellom anna var det potetene som gav den norske befolkninga nok C-vitamin før vi tok til å ete anna frukt. Auka inntak av C-vitamin gjorde at kvinnene fødde fleire barn, og det vart ei utfordring for mange bønder – fordi det vart så mange barn å fø på, og kvinnene vart mykje borte frå åkrar og fjøs.

Bruksområde

Mosing av potet i ein bolle. Foto.

Poteter er ikkje berre poteter. Det er store forskjellar i smaken på dei ulike potettypane, konsistensen varierer, og storleiken varierer mellom dei ulike sortane. Det finst ei potet for kvart høve! Alle poteter må varmebehandlast på ein eller annan måte før dei kan nyttast.

Dei kokefaste potetene eignar seg godt til koking, som namnet seier, men dei er også veleigna til lefse- og lompebaking. Dei passar godt til supper og lapskaus der vi ikkje ønskjer den jamnande effekten på retten. Mjølne poteter eignar seg godt til mos, til bakepoteter og når vi ønskjer ein jamnande effekt på det vi lagar. Både kokefaste og mjølne potetsortar er ypparlege til steiking i panne eller i omn, og også til gratinering.

Dyrking og lagring

Poteta er innvandraren som verkeleg vart norsk. Vi dyrkar i dag poteter over heile landet, og poteta har vore ei av dei viktigaste matvarene våre. Gjennom foredling er det utvikla mange ulike sortar med ulike eigenskapar. Somme blir hausta tidleg på hausten og nytta som «nypoteter», medan andre blir hausta seinare. Nokre sortar er godt eigna for lagring gjennom vinteren. Eigenskapane til dei ulike sortane gjer at vi lagar dei til på forskjellig måte.

Ein traktor på ein åker hyppar poteter. Foto.

Poteter toler lys dårleg og må lagrast mørkt, fuktig og mellom 4 og 6 ºC. Dersom vi lagrar potetene kaldare, blir dei søte på smak.

Norsk sesong

Tidlege sortar: mai–juli.

Seine sortar: august–oktober.

Næringsinnhald

Poteta er ei allsidig næringskjelde og gir oss mellom anna kostfiber, C-vitamin, folat og antioksidantar. Poteta inneheld òg mykje kalium, som kan vere gunstig for blodtrykket. Ho inneheld lite feitt, men er rik på energi i form av stive.

Sjå Matvaretabellen frå Mattilsynet for nærare opplysningar om næringsinnhaldet.

CC BY-SASkrive av Bama og Jannike Gausdal.
Sist fagleg oppdatert 08.04.2020

Læringsressursar

Potet