Hopp til innhald

Fagstoff

Kneskadar

Akutte kneskadar er blant dei alvorlegaste skadane vi kan kome ut for i idrett. Det gjeld særleg skadar på fremre korsband, som fører til lange skadeavbrekk, ofte opp mot 12 månader.
Gut ligg med skada kne på fotballbanen. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Nyttig å vite om skadar på fremre korsband

Avrive korsband i kne. Illustrasjon.

Skadar på fremre korsband gir ikkje berre lange skadeavbrekk. Dei fører også til auka risiko for at utøvaren får slitasjegikt i kneet når karrieren er over, sjølv om skaden blir behandla med dei beste metodane som finst.

Motsett av det mange trur, fører taklingar, kollisjonar eller annan ublid beinkontakt svært sjeldan til skadar på det fremre korsbandet. Faktisk oppstår dei helst i «uskuldige» situasjonar som utøvaren har vore oppe i hundre gonger før, utan å bli skadd.

I handball, fotball og basketball skjer dei fleste skadane under finting, der spelaren prøver å stemme imot for å forandre retning, eller når spelaren landar på eitt bein etter eit hopp. I begge tilfelle er kneet ganske utstrekt, men det kan sjå ut til at det har vore i «kalvbeint» stilling når uhellet skjer.

Når skaden oppstår, ryk fremre korsband rett og slett tvers av. Samtidig blir også dei mange blodårene i og rundt leddbandet rivne over. Dermed begynner det ganske raskt å blø inne i leddet, slik at kneet hovnar opp.

Meniskskadar

Kvart kne har to meniskar eller bruskputer, som ligg på kvar si side av kneleddet. Meniskane fungerer som motlegg for lårbeinet, og dei sørgjer for å fordele vekta på leddet og for å smørje det. Dersom kneleddet blir kraftig vridd, kan meniskane bli skadde. Dei kan også bli skadde av langvarig slitasje.

Dersom det losnar bitar av brusken, kan desse bitane kome i klem og låse kneleddet. Slike lause bitar må fjernast med ein operasjon. I tillegg til at meniskane kan bli skadde, kan det oppstå skadar i sjølve brusken som sit på enden av lårbeinet og leggbeinet.

CC BY-NC-SASkrive av Senter for idrettsskadeforskning.
Sist fagleg oppdatert 11.05.2020

Læringsressursar

Idrettsskadar