Hopp til innhald

Fagstoff

Kva er oppvarming?

Oppvarming er ei samlenemning for aktivitetar du utfører før du tek fatt på hovudaktiviteten. Det skal vere ein trinnvis overgang frå kvile til arbeid. Difor bør du varme opp i byrjinga av ein kroppsøvingstime eller ei treningsøkt. Oppvarminga førebur kroppen på auka muskelarbeid.
Ein person syklar på ein spinningsykkel. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Generell oppvarming – store muskelgrupper

Jenter som joggar i ein park. Foto.
  • Her skal du bruke dei store muskelgruppene. Det er musklane du har i beina og i overkroppen. Store musklar har god blodgjennomstrøyming, og dermed blir du raskare varm.
  • Unngå brå start og stopp.
  • Auk intensiteten gradvis.
  • Løping, sykling eller leik er døme på generell oppvarming.

Spesiell oppvarming – tilpassing til hovudaktiviteten

Fotballspelar i trening med  ball på fotballbane. Foto.
  • I denne delen skal du varme opp ledd og musklar som du skal bruke i hovudaktiviteten. Skuldrer, handledd og fingrar må til dømes varmast ekstra opp dersom du skal spele volleyball.
  • Når du skal varme opp spesielt mot ein aktivitet, må du også ta i bruk relevant utstyr. Dette kan til dømes vere ein ball om du skal spele fotball eller volleyball, ein racket om du skal spele badminton eller ei kølle om du skal spele innebandy.
  • Avhengig av vêr og vind vil det vere viktig å ha klede som held på varmen.
CC BY-SASkrive av Oddbjørg Vatn Slapgaard, Jan Bolle, Kolbjørn Ekker og Cathrine Dunker Furuly.
Sist fagleg oppdatert 13.11.2019

Læringsressursar

Oppvarming