Hopp til innhald

Fagstoff

Kva er rørsleevne?

Rørsleevne blir ofte definert som evna til å skape rørsleutslag i ledd og leddkjeder. Trening av rørsleevne blir definert som trening med sikte på å auke eller halde ved like denne evna.
Ballettdansarar. Mannen held kvinna i hendene, medan ho lener seg framover på eitt bein. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Omgrepsavklaring

Tøyingar og trening av rørsleevne er ikkje heilt det same, sjølv om du i begge tilfelle utfører eit leddutslag. Med tanke på korleis ein skal gjennomføre øvingane, kan det vere greitt å skilje mellom desse omgrepa.

Tøying

Kvinne som tøyer. Foto.

Somme vil gjerne gjere nokre tøyingsøvingar i oppvarmingsdelen for å førebu muskulatur og ledd på den aktiviteten som kjem. Ein bør da velje øvingar ut frå kva aktiviteten etterpå krev. Vidare er det somme som bruker tøyingsøvingar som ei avslutning på treningsøkta.

Trening av rørsleevne

Trening av rørsleevne er noko anna. Det er ei meir systematisk tøying der målet og hovudaktiviteten er å auke leddutslaget. Ein må bruke stor kraft, og kvar einskild øving må takast opp att og vare lenge. Rørsleevne er ein eigenskap som kan trenast.

Faktorar som avgjer rørsleutslaget


Kvinne ligg på ei yogamatte og strekkjer ut. Foto.

For betre å forstå kva rørsleevne er, skal vi sjå på nokre faktorar som avgjer rørsleutslaget. Det kan vere store individuelle skilnader i kor mykje ein greier å presse leddet ut i ytterstilling. Somme er stive, andre er nærmast slangemenneske. Kva er det som gjer at vi kan vere så ulike? Nokre årsaker ligg i

  • forma på knoklar og ledd
  • musklane omkring leddet
  • andre forhold, til dømes temperatur, nervesystem og skadar

Forma på knoklar og ledd

Muskel- og skjelettsystemet. Helvta er skjelett, og helvta er musklar. Illustrasjon.

Forma på dei ulike ledda i kroppen er ulik. Somme har ei form som gir stor rørsleevne, for eksempel skulderleddet, mens andre gir lita rørsleevne, for eksempel fingerleddet. At knoklar støyter saman og stoppar leddutslag, er ein avgrensande faktor som normalt ikkje kan fjernast.

Rundt leddet ligg band som fungerer som støtte. Banda kan på den måten vere avgrensande for rørsleevna. Dersom eit ledd blir skadd, har banda ein tendens til å forkorte seg, og rørsleevna blir dårlegare enn normalt. Ein skal likevel vere forsiktig med å tøye banda utover normal lengd – da kan ein ende med å få slarkeledd.

Musklane omkring leddet

Mann som står med armane rett ut, med namn på dei ulike musklane. Illustrasjon.

Det er musklane som gjer at vi kan røre kroppen. Musklane ligg over og rundt ledda og festar seg til knoklane ved hjelp av sener. Når musklane trekkjer seg saman, blir det sett i gang rørsler. Nervesystemet styrer musklane.

Ein muskel har utspring og feste på kvar si side av eit ledd. Vi skil mellom bøyemusklar og strekkjemusklar. Når ein bøyemuskel trekkjer seg saman, blir leddet bøygd mellom utspring og feste. På motsett side av leddet er det ein strekkjemuskel. Når han trekkjer seg saman, blir leddet strekt ut.

Kva skjer i kroppen når vi tøyer ut?

Rundt muskelen er det bindevev som gjer han sterkare og mindre sårbar. Når vi tøyer i muskelen er det bindevevet vi tøyer, og dersom dette bindevevet blir strekt over ei viss tid, kan det bli forlengd. Bindevevet rundt muskelen blir då lengre, og vi får auka rørsleevne.

Andre forhold

  • Spenninga i muskelen påverkar rørsleutslaget. Ein spent muskel er vanskelegare å tøye enn ein avspent og avslappa muskel. Du bør prøve å ha ein så avslappa muskel som mogleg. Innstillinga og konsentrasjonen hos den som tøyer, har mykje å seie for resultatet av treninga.
  • Store musklar og mykje feittvev er ein faktor som avgrensar rørsleevna.
  • Temperatur, klede og utstyr kan redusere rørsleevna. Muskelen slappar betre av i eit varmt miljø, og rørsleevna vil då vere større. Du bør passe på at du ikkje har klede og utstyr som hindrar eit normalt rørsleutslag.
  • God oppvarming ser ut til å verke positivt: Vevet blir mjukare og meir tøyeleg. Bindevevet blir varma opp under aktivitet, og det er lettare å tøye når du er varm.
  • Kjønn og alder kan vere ein avgrensande faktor. Generelt viser det seg at kvinner har større rørsleevne enn menn, og rørsleevna går ned med stigande alder. Ein kan likevel auke rørsleevna med trening. Har du eit høgt aktivitetsnivå, har du òg generelt større rørsleevne.

Av dei faktorane som er nemnde over, er det musklane som først og fremst hemmar leddrørslene. Denne faktoren kan du påverke med trening – rørsleutslaget kan aukast gjennom rolege, bevisste treningar der vevet blir halde utspent ei tid.

CC BY-NC-SASkrive av Oddbjørg Vatn Slapgaard, Jan Bolle og Kolbjørn Ekker.
Sist fagleg oppdatert 18.12.2018

Læringsressursar

Rørsleevne