Hopp til innhald

Fagstoff

Reven og høna (Ringsisten)

Denne leiken er også kjend som "katt og mus", og er ei øving for akselerasjonshurtigheit, maksimal hurtigheit, taktikk og samarbeid.
Riepie laara. Guvvie.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Høna kan ”ta fri” ved å leggje seg ved sida av eit av para som ligg nede. Den i paret som ligg lengst unna den som legg seg ned, blir ny høne. De kan berre springe på utsida av ringen. Sisten blir overført ved handtrykk, eller de kan bruke noko som blir kasta (badmintonball, samanknytt vest e.l.)

Minimum 8–10 deltakarar. Alle ligg i ring, to og to ved sida av kvarandre. To står oppreist, den eine har sisten (reven). Han eller ho som har sisten, skal prøve å overføre sisten til den andre (høna).

CC BY-SASkrive av Kolbjørn Ekker, Jan Bolle og Oddbjørg Vatn Slapgaard.
Sist fagleg oppdatert 11.06.2020

Læringsressursar

Leik