Hopp til innhald

Fagstoff

Om innebandy

Innebandy er ein mykje brukt rørsleaktivitet i kroppsøving. Du er i aktivitet samtidig som du får øvd på samspel og kreativitet.
Mange innebandyspelarar i ein gymsal. Nærbilete av føter, bandykøller og ballar. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Innebandy i Noreg

Innebandy har vorte brukt som skuleaktivitet med uformelle reglar sidan 1970-åra, og i tillegg vart det brukt som sommartrening av bandyspelarar. Frå han offisielt vart organisert som eigen seksjon i Norges Bandyforbund i 1991, har idretten vakse raskt, og han blir praktisert i heile Noreg. NM for begge kjønn har vorte arrangert sidan 1993, og det blir òg arrangert NM for vidaregåande skular.

Innebandy i skulen

Dei fleste har spelt innebandy i kroppsøvingsundervisninga på skulen. Innebandy er ein aktivitet der du i tillegg til å spele òg får jobba med medverknad og samarbeid. Du kan bruke eigne kunnskapar og evner til å gjere medelevane dine gode gjennom øvingar, leik og spel.

Til liks med andre ballspel er det mange eigenskapar du får øvd på i innebandy. Du trener koordinative eigenskapar som auge-hand-koordinasjon, tilpassa kraftinnsats, romorientering, reaksjon og rytme. Du trener òg fysiske eigenskapar som uthald og snøggleik.

Kjelde

Bryhn, R. (2020, 1. desember). Innebandy. I Store norske leksikon. https://snl.no/innebandy

CC BY-SASkrive av Bjørn Erik Rolseth.
Sist fagleg oppdatert 10.09.2022

Læringsressursar

Innebandy