Hopp til innhald

Fagstoff

Undervisningsopplegg i basketball og samarbeid

Samarbeid, forståing og respekt for kvarandre er viktige omgrep i fagfornyinga. Her finn du forslag til øvingar som kombinerer dette med basketball.
Basketspelar dunkar basketballen i basketkorga. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Bakgrunn

Denne ressursen er ei samling av ulike øvingar som gir høve til å sjølv setje saman ei eller fleire økter tilpassa ulike grupper og individ. Øvingane er delte inn i oppvarming, hovuddel og avslutning. I alle øvingane jobbar de med dei same læringsmåla. Utgangspunktet er basketball som aktivitet og trening på grunnleggande teknikkar som ballkontroll, pasningar og skot.

Hovudsakleg er øvingane prega av leik. Dette gir høve til å øve og prøve og å bruke eigne ferdigheiter og kunnskapar for å bidra til andre si læring. Her kjem samarbeid og fair play inn. Samarbeid er eit viktig stikkord for å kunne gjere andre gode, derfor er det mange samarbeidsøvingar.

Fair play handlar om å respektere andre og følge reglane. I tillegg skal de lære å inkludere alle og anerkjenne forskjellar uavhengig av føresetnader. Dette kan det vere litt vanskeleg å forstå i praksis. Små førebuingsoppgåver, diskusjon og dialog i par, grupper og plenum kan derfor gjere dykk medvitne på kva samarbeid og fair play faktisk er, og kva betydning dette har for dykk sjølve og medelevane dykkar.

Om basketball

Historia

I 1891 fann ein kanadisk kroppsøvingslærar, James Naismith, opp det som skulle bli ein av dei største lagidrettane i verda.

James Naismith var oppteken av at idretten skulle byggje på presisjon og ikkje kraft, at spelarane skulle ha lite kroppskontakt, og at risikoen for å bli skadd skulle vere liten. Samtidig skulle spelet vere offensivt og produsere mange scoringar. Han introduserte 13 reglar som sidan har vore grunnlaget for utviklinga i basketballidretten.

Basketball i Noreg

Basketball er ein ung idrett i Noreg. Spelet vart innført her i 1950-åra av unge nordmenn som hadde studert i USA. Til å byrje med blei basketball berre spelt på vidaregåande skular og universitet. Den første norske basketballklubben var Ullern i Oslo, som vart stifta i 1956.

Basketball på skulen

Dei fleste har spelt basketball i kroppsøvingsundervisninga på skulen. Basketball er ein aktivitet der du i tillegg til å spele, får jobba med samarbeid. I tillegg kan du bruke eigne kunnskapar og ferdigheiter for å gjere medelevane dine gode gjennom øvingar, leik og spel.

I likskap med andre ballspel er det mange eigenskapar du får øvd på i basketball. Du trenar koordinative eigenskapar som auge-hand-koordinasjon, tilpassa kraftinnsats, romorientering, reaksjon og rytme. Du trenar òg fysiske eigenskapar som uthald og hurtigheit.

Læringsmål

Målet med øktene er at du skal

  • trene på grunnleggjande teknikkar

  • gi positive og konstruktive tilbakemeldingar

  • forstå og nytte utvalde reglar i spel

  • reflektere over kva samarbeid og fair play betyr i praksis


Førebuing

  1. Les om basketballreglar (ndla) før timen, til dømes i heimelekse.
  2. Sjå på video om layup og grunnskot. Del klassen i to, halvparten ser på video om layup, den andre halvparten ser på video om grunnskot.

  3. Gjennomfør ein samtale om fair play og samarbeid i plenum. Kva betyr det? Gi praktiske døme. Forslag til stikkord for samtalen:
  • respektere andre
  • følge reglane
  • gjere sitt beste
  • motivasjon og ros, sjølv når nokon ikkje får det til
  • gi medspelarar gode moglegheiter for å lykkast

  • gi positive og konstruktive tilbakemeldingar

  • aktiv deltaking, dialog og gjensidig tillit

Filmar om teknikkar i basket


Oppvarming

  • Stusse ball og samtidig gjere ulike øvingar: Avgrens eit område. Alle har kvar sin ball som de skal stusse rundt på området. Samtidig som de stussar og har kontroll på eigen ball, skal de gjere ulike øvingar som til dømes: helse på nokon, byte ball, stusse ball mellom beina, gå baklengs, stusse frå høgre til venstre hand.
  • Stusse to ballar samtidig: Stuss begge ballane i den same rytmen, prøv deretter å stusse begge ballane i ujamn rytme.
  • Byte ball ved stusspasning med ein medelev: Stå vende med ansiktet mot kvarandre. Begge gjer så ein stusspasning med høgre hand. Ta imot ballen med venstre og hald fram med å stusse ballen med venstre inntil de møter nokre andre som òg har ballen i venstre hand. Då byter de ballen på nytt med stusspasning frå venstre hand.
  • Byte ball mellom to elevar: Ein person kastar brystpasning mens den andre gjer ein stusspasning.
  • Stafett: Del dykk inn i lag med fire–seks på kvart lag. Kvart lag set opp ei rekke med seks–åtte kjegler. Laga har kvar sin ball og skal stusse ballen sikksakk mellom kjeglene både fram og tilbake. Veksle med neste person på laget med ein stusspasning.
  • Hauk og due med ball: Duene har ball, hauken har ikkje. Hauken skal prøve å gå etter ballen til duene, slik at dei mistar kontrollen over ballen sin. Duer som mistar ballen sin, blir haukar.
  • Stiv heks med ball: Dette er ein sistenvariant der den som blir teken, skal stå "stiv som ei heks" med litt avstand mellom beina. Om du blir teken, blir du fri når ein medelev kryp mellom beina dine. Start med éin ball. Den som har ballen, er "fri" og kan ikkje bli "teken". Det er ikkje tillate å gå mens ein held i ballen. Auk talet på ballar etter kvart. Kast ballane mellom dykk og prøv å kaste til dei som er i ferd med å bli tekne. Den som held på å bli teken, må søke til nokon med ball.
  • Kast ein basketball til kvarandre to og to mens de står på ein benk. Det er om å gjere å samarbeide om å klare flest moglege pasningar. Du kan også gjere øvinga meir utfordrande med å kaste to ballar samtidig eller variere korleis du kastar ballen.

Hovuddel

  1. Samarbeidsøving for å lære ny teknikk ved hjelp av video: Den eine halvdelen av klassen skal lære seg grunnskot, den andre halvdelen layup.

    1. Sjå på videoane frå forberedelsedelen, øv deretter på teknikken individuelt.
    2. Gå saman i par. Bli einige om kva som er rett teknikk, og korleis de skal utføre skotet. Samarbeid om å lære teknikken. Hugs å gi kvarandre positive og konstruktive tilbakemeldingar.
    3. Alle som jobbar med den same teknikken samlast til ei oppsummering. No skal de lære bort det de har jobba med til den andre halvdelen av klassen. Alle på gruppa skal ha ei felles forståing av kva de skal lære bort. Det kan vere lurt å saman finne tre ting de skal fokusere på. Spør gjerne læraren dykkar!
    4. Gå tilbake i par og gå deretter saman med eit anna par som har øvd på ein annan teknikk. De skal no lære bort teknikkane til kvarandre. Hugs å gi kvarandre positive og konstruktive tilbakemeldingar.
  2. Spel tre mot tre på ei korg: Ta ein prat om kva som er styrkane dykkar på laget før de går i gang. Nokre er gode til å kaste, andre er raske, mens andre igjen spreier godt humør. Sørg for at alle på laget har ei oppgåve kvar. Ved skåring blir angripande lag forsvar. Vinn laget ditt ballen, blir de angripande lag. Det første laget som får tre poeng, vinn. Lag som ikkje speler, har pause. Når eit lag taper, byter dei plass med eit lag som har pause. Med store klassar er det ein fordel med meir enn to banar.
  3. Spel med utvalde basketballreglar: Ta ein prat om kva som er styrkane dykkar på laget før de går i gang. Bli einige om kva reglar de vil bruke. Stegregel, kroppskontakt og banestorleik er døme på reglar de må bli einige om. Skåring skjer ved å kaste ballen til ein medelev som står på ein stol eller benk i staden for å kaste på korg. Praktiser fair-play-dømming. Det betyr at de dømmer sjølve etter reglane de er einige om. Ballen må innom alle før laget kan skåre.
  4. Spel med utvalde basketballreglar: Ta ein prat om kva som er styrkane dykkar på laget før de går i gang. Bli einige om kva reglar de vil bruke og døm sjølve. Stegregel, kroppskontakt og banestorleik er døme på reglar de må bli einige om. Skåring skjer ved stusspasning i rockering, medspelar tek imot. Her blir det ikkje brukt korg.


Avslutning

Gjennomfør ein samtale om kva de har lært i dag om basketball, reglar og teknikk, i tillegg til samarbeid og fair play. I samtalen om samarbeid og fair play i praksis kan de til dømes svare på spørsmåla under.

  • Når har de samarbeidd?
  • Gi eit døme på eit godt samarbeid.
  • Kva utfordringar er knytte til samarbeid?

  • Kva positive og konstruktive tilbakemeldingar har du gitt i dag?

  • Kva positive og konstruktive tilbakemeldingar har du fått i dag?

  • Gi gode og konkrete døme på fair play.
  • Korleis kan negative kommentarar påverke andre?
  • Kva betyr det å ha respekt for reglar?

Relatert innhald

Samarbeid og det å løyse oppgåver og utfordringar i eit læringsfellesskap er ein del av kroppsøvingsfaget.

CC BY-SASkrive av Cathrine Dunker Furuly og Bjørn Erik Rolseth.
Sist fagleg oppdatert 24.06.2022

Læringsressursar

Basketball