Tverrfagleg årsplan for vg2 service, sikkerheit og administrasjon
Forslag til årsplan
Det er mange måtar å nå eit mål på. Her får du nokre forslag til korleis du kan arbeide med å nå kompetansemåla i læreplanen (LK20) for service, sikkerheit og administrasjon vg2.
Fagressursane dekker kompetansemåla i læreplanen. Her finn du både fagartiklar, utforskande og varierte oppgåver, filmar og podkastar som til saman dannar eit fullverdig læremiddel for faga.
Med eit variert utval av læringsressursar kan du tilpasse innhaldet til ulike elevar og undervisningsmetodar. Vi håpar årsplanen kan hjelpe deg med å finne fram i ressursane våre og inspirere deg til å prøve ut noko nytt.
Ressursane er universelt utforma og ligg føre på både nynorsk og bokmål.
Lykke til med organiseringa av skuleåret!