Hopp til innhald
Oppgåve

Berekraft i helsetenesta

Helsevesenet du skal jobbe i som framtidig helsefagarbeidar, har òg eit ansvar når det gjeld miljø og klima. Helsesektoren er ein stor innkjøpar og forbrukar av eingongsutstyr. Mykje av utstyret kan skade miljøet både under produksjon og når det blir kasta.

Miljøfokus i helsetenesta

Noreg er gjennom Parisavtalen forplikta til å gjennomføre store kutt i CO2-utslepp for å avgrense global oppvarming. Helsevesenet har fått merkelappen "klimaversting". Spørsmålet er: Kva gjer kommunen din og politikarane der for å redusere klimaavtrykket i helsesektoren, der du skal jobbe i framtida? Fører kommunen klimarekneskap eller eit klimabudsjett? Veit kommunen noko om korleis helsesektoren påverkar miljøavtrykket, og kva gjer dei eventuelt for å redusere det? Dette skal klassen forske på og finne meir ut om.

Lag ei nyheitssak

I denne oppgåva blir klassen delt i grupper. Kvar gruppe utgjer ein liten "redaksjon" som skal lage ei nyheitssak på spørsmålet:

Kva gjer kommunen din og politikarane der for å redusere klimaavtrykket i helsesektoren?

Før de startar med oppgåva, er det lurt å lese artikkelen om å skrive ei nyheitssak (lenkje ligg i relatert innhald) for å få kunnskap om korleis ei nyheitssak kan skrivast og formidlast.

Redaksjonen vel sjølv korleis nyheitssaka blir lagd fram. Det kan til dømes vere podkast, presentasjon, avisartikkel eller film.

  1. Kvar redaksjon gjer seg kjend med korleis helsesektoren påverkar klimaet i negativ retning. Kva planar, forslag, tiltak og lovpålagde krav må helsesektoren i kommunar og fylke forhalde seg til for å redusere klimaavtrykket?

    Her kan de nytte dei internettsidene som ligg i relatert innhald, for å skaffe dykk kunnskap om temaet, og finn gjerne eigne i tillegg. Jo meir du veit om temaet på førehand, jo større er sjansen for at intervjuet blir bra.

  2. Kvar redaksjon utarbeider spørsmåla sine til intervju basert på kunnskapen de fekk frå eigen research, og dessutan refleksjonane i gruppa rundt temaet helse og miljøavtrykk.

    Til spørsmåla er det lurt å førebu nokre oppfølgingsspørsmål. Det viser intervjuobjekta (personane de intervjuar) at de har god kunnskap om temaet, og de får samla meir informasjon.

  3. Gå gjennom spørsmåla de har laga, i klassen og med lærar, for å få tilbakemeldingar på spørsmåla dykkar. På den måten får de kunnskap om kva spørsmål dei meiner er best og mest relevante. Kanskje får de nokre tips om endring og forslag til nye spørsmål?

  4. Bli samde i klassen om kven kvar redaksjon skal intervjue i kommunen/fylket og i helsetenesta (sjukehus, sjukeheim, helse- og velferdssenter eller liknande). Dette blir gjort for å unngå at alle gruppene intervjuar dei same personane.
    Ta kontakt med den eller dei personane de skal intervjue, og spør om å få eit intervju. Fortel kva tema de vil snakke om, og avtal tidspunkt for intervjuet viss dei vil stille opp.

  5. Gjennomfør intervjuet/intervjua med spørsmåla og oppfølgingsspørsmåla de har laga. Ta notat undervegs, og viss det er greitt for intervjuobjektet, kan de òg ta lydopptak med mobilen.

  6. Etter intervjua omarbeider de informasjonen de har fått. Få oversikt over informasjonen de fekk. Diskuter kva som er mest oppsiktsvekkjande, og lag ei nyheitssak om spørsmålet de starta med: Kva gjer kommunen din og politikarane der for å redusere klimaavtrykket i helsesektoren?

  7. Presenter nyheitssaka for klassen.

Relatert innhald


CC BY-SA 4.0Skrive av Odd Ragnar Myhr.
Sist fagleg oppdatert 24.11.2021