Oppgåve
Frivillige organisasjonar
Frivilligheit og dugnadsarbeid er sentralt i det norske samfunnet, og det er eit viktige supplement til offentlege og private helse- og omsorgstenester. Mange av dei frivillige organisasjonane har lokale lag og foreiningar rundt omkring i landet.
- Bruk internett for å finne ut kva for nokre frivillige lag og foreiningar som finst i kommunen din.
- Vel ein av dei frivillige organisasjonane som held til i nærområdet ditt, og ta gjerne kontakt for å få meir utfyllande informasjon enn du finn på nettsida deira. Lag ein digital presentasjon som fortel om
- føremålet med organisasjonen
- talet på frivillige på lokalt, nasjonalt og eventuelt internasjonalt nivå
- arbeidet deira
- korleis arbeidet blir finansiert
- kven og kor mange som nyt godt av arbeidet
- annan relevant informasjon
- Korleis kan frivillige organisasjonar vere ein ressurs i helse- og omsorgstenesta?
- Kvifor er det viktig at du som helsefagarbeidar har kjennskap til frivillige tenestetilbod i nærområdet ditt?