Kjemiske stoff
Vi deler gjerne stoffa inn etter om dei er reine stoff eller blandingar. Reine stoff er anten grunnstoff eller kjemiske sambindingar.
Rene stoff: grunnstoff eller kjemiske sambindingar
Grunnstoff består av berre éin type atom, mens kjemiske sambindingar består av to eller fleire typar atom som er bundne saman kjemisk.
døme på grunnstoff: hydrogen (H), oksygengass (O2), karbon (C) og jern (Fe)
døme på sambindingar: druesukker (C6H12O6), vatn (H2O) og rust (Fe2O3)
Visste du at ...
det i gjennomsnitt blir oppdaga 100 000 nye sambindingar – kvar månad?
Blandingar
I blandingar har vi fleire grunnstoff og/eller sambindingar som er blanda saman mekanisk, og stoffa er ikkje bundne saman kjemisk.
Døme:
Sand er ei blanding av ulike partiklar av mineral.
Råolje er ei blanding av ulike typar hydrokarbon som parafin, diesel og bensin.
Stål er ei blanding av jern og karbon.
Treverk/ved består av cellulose, hemicellulose, lignin, kvae og fleire andre sambindingar.
Legg merke til at alle reine stoff kan skrivast med kjemiske formlar fordi det alltid er eit bestemt mengdeforhold mellom dei ulike grunnstoffa. Til dømes H2 og CO2. Luft, som er ei blanding av fleire stoff, kan ikkje skrivast med ein kjemisk formel.
Tenk igjennom!
Du blandar salt og vatn i eit beger. Skjer det ein kjemisk reaksjon mellom salt og vatn? Kan du skilje stoffa frå kvarandre?
Kjemisk symbol
Når vi skriv namnet på eit grunnstoff, bruker vi ofte det kjemiske symbolet til grunnstoffet. Symbolet er på éin eller to bokstavar, ofte henta frå det greske eller latinske namnet på grunnstoffet. Den første bokstaven i symbolet er alltid stor, og den andre er liten.
norsk namn | kjemisk symbol | opphavet til namnet |
---|---|---|
jern | Fe | ferrum (latin for "fastleik") |
karbon | C | carbo (latin for "kol") |
klor | Cl | khlōrós (gresk for "lysegrøn") |
uran | U | uranus (den greske himmelguden) |
Atomnummer og nukelontal
Atomnummeret er det same som talet på proton i kjernen. Det blir skrive med senka skrift føre det kjemiske symbolet. Nukleontalet er talet på partiklar i kjernen, altså summen av talet på proton og nøytron. Nukleontalet står med hevd skrift føre det kjemiske symbolet.