Naturfag (SF)
Bølgjer, energi og stråling
Vi er omgitt av mange typar bølgjer og stråling, som lyd, lys, varme, radiobølgjer og bølgjeskvulp. Vi kan verken sjå mobilnettet eller røntgenstrålane, men felles for alle bølgjer er at dei transporterer energi. Korleis kan vi utnytte denne energien på ein fornuftig måte?
Trådlaus kommunikasjon
Trådlaus kommunikasjon har blitt sjølvsagt for oss. Vi reflekterer kanskje ikkje så ofte over korleis vi kan prate og dele bilete i sanntid med nokon som er milevis unna, og korleis vi kan opne ei bildør før vi når fram til bilen. Her skal vi sjå på korleis radiobølgjer gjer dette mogleg.