Løys oppsummerande oppgåver om trådlaus kommunikasjon.
Oppgåve 1. Dra og slepp bileta til rett omgrep
Oppgåve 2. Vel den påstanden som er rett
Oppgåve 3. Øvingsoppgåver
- Gi døme på kva vi bruker trådlaus kommunikasjon til i kvardagen.
- Kva slags type stråling er radiobølgjer?
- Samanlikn bølgjelengd og frekvens hos radiobølgjer med andre typar EM-stråling.
- Kva bruksområde eignar radiobølgjer seg til?
- Forklar kva vi meiner med bølgjelengd og frekvens.
- Kva er samanhengen mellom frekvens og bølgjelengd?
- Korleis kan vi overføre informasjon ved hjelp av radiosignal?
- Kva er AM og FM? Kvifor er det vanlegare å bruke FM enn AM?
- Gi døme på ulike antennedesign. Kva fordelar og ulemper har dei ulike antennedesigna?
- Kvifor reknar vi med at radiobølgjer ikkje er helsefarlege?
- Kva kan vere problemet med bruk av radiobølgjer?
- Kvifor kan ein ikkje sende signal på den frekvensen ein sjølv vil?
- Gi nokre døme på bruk av radiosignal i ulike frekvensområde.
- Kvifor har radiobølgjene frå den trådlause ruteren heime kortare bølgjelengd og høgare frekvens enn signal som blir brukte til DAB-radio?
Oppgåve 4. Skriv ein kort tekst
Skriv ein kort tekst om trådlaus kommunikasjon, der du bruker så mange av orda frå oppgåve 1 som mogleg.
Oppgåve 5. Tekstmelding til læraren 😁
Du sender ei tekstmelding til læraren din. Ta utgangspunkt i figuren, og forklar kva som skjer frå den augneblinken du trykkjer «send», og til meldinga blir motteken.
CC BY-SASkrive av Thomas Bedin.
Sist fagleg oppdatert 19.08.2020