Hopp til innhald
Oppgåve

Jobb med filmen Nuclear now

Nuclear Now tek oss med inn i kjernekraftverda og viser korleis menneska har nytta seg av den ekstreme krafta på både godt og vondt gjennom historia. Er det nettopp kjernekraft som kan vere svaret på klimakrisen?

Før de ser filmen

  1. Kva veit de om kjernekraft frå før?

  2. Kva tenker de på når de høyrer orda kjernekraft/atomenergi?

Sjå filmen

Etter å ha sett filmen

  1. Nemn tre fordelar med kjernekraft som blir nemnde i filmen Nuclear Now.

  2. Kva ulemper med kjernekraft tek filmen for seg?

  3. Kva er hovudbodskapen i filmen?

  4. Forklar korleis kjernekraft kan vere ei løysing på klimakrisen, ifølge filmen.

  5. Beskriv korleis menneskas bruk av kjernekraft har forandra seg over tid, slik det kjem fram i filmen.

  6. Gi døme på korleis kjernekraft blir brukt i samfunnet i dag, basert på informasjon frå filmen.

  7. Diskuter korleis kjernekraft kan tenkast å bidra til berekraftig utvikling.

  8. Lag ei oversikt over argumenta for og imot bruk av kjernekraft som blir presentert i filmen. Vurder kor gode dei er.

  9. Vurder påstandane i filmen om rolla til kjernekrafta i energiforsyninga i framtida. Gir filmen eit nyansert bilete på bruk av kjernekraft? Forklar.

  10. Ta stilling til om du meiner Noreg bør satse på kjernekraft. Grunngi svaret ditt.

Relatert innhald

Kjeldemateriale
Nuclear Now

Dokumentar frå Oliver Stone som utforskar moglegheitene ved å bruke kjernekraft for å løyse klimakrisen.