Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Ein gentest kan forandre alt

Tenk deg at du er gravid og får vite at mora di har ein alvorleg, arveleg sjukdom. Bør du teste deg for å finne ut om du er berar av den same sjukdommen?
Tvillingar ansikt til ansikt. Foto.

Gentest og arveleg sjukdom

Venke er 22 år. Ho har ei tvillingsøster og ein yngre bror, som begge skal bli ingeniør. Venke har akkurat starta på eit langt økonomistudium når ho finn ut at ho er gravid. Kjærasten studerer medisin. Dei ønskjer begge å behalde barnet.

Når Venke inviterer foreldra på besøk for å dele nyheita, er det berre far som kjem. Han fortel at han er bekymra for mora til Venke. Mora til Venke har aldri hatt kontakt med den biologiske familien sin. Det siste året har faren til Venke lagt merke til at mora har forandra seg. Han fortel om endra personlegdom, rykningar i armar og bein, og i tillegg har mora blitt veldig tynn og gløymer mykje. Kjærasten veit at dette kan vere symptom på Huntingtons sjukdom.

an skjønner at dersom mora til Venke har Huntingtons, er det 50 prosent sjanse for at Venke òg har det. Dersom Venke har sjukdommen, er det 100 prosent sikkert at Venke, tvillingsøstera hennar og mora har sjukdommen, og kanskje òg broren. Sjukdommen debuterer som regel tidleg i 40-åra og fører til demens, stort pleiebehov og tidleg død.

Kva bør familien gjere?

Vel blant argumenta under, og ranger dei i ei rekkjefølgje du meiner er god. Legg gjerne til eigne alternativ. Du må grunngi vala du gjer.

CC BY-SASkrive av Nina Mari Wagner.
Sist fagleg oppdatert 16.06.2020

Læringsressursar

Etiske spørsmål og bioteknologi