Hopp til innhald

Fagstoff

Big Bang – det store smellet

Gjennom alle tider har menneska lurt på korleis alt har blitt til. Sidan ingen har hatt gode svar, har dei fleste religionar ei skapingssoge som tilfredsstiller behovet for ei forklaring. Men naturvitskapen ønskjer vitskaplege forklaringsmodellar. Kva var det eigentleg som skjedde?
Tre ellipsar med aukande storleik frå venstre mot høgre langs tidsaksen. Avstanden mellom prikkane aukar når storleiken på ellipsen aukar. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Ideen om det store smellet

Naturvitskapen prøver alltid å finne forklaringsmodellar og teoriar som byggjer på kunnskap, og som kan stadfestast eksperimentelt. Det gjeld ikkje minst for spørsmålet om korleis alt har blitt til.

I 1929 tok Edwin Hubble eit stort steg i retning av å forklare dette, då han fann ut at alle fjerne galaksar beveger seg frå kvarandre, og at farten aukar proporsjonalt med avstanden. Det måtte bety at universet utvidar seg med tida. Så viss vi går motsett veg, altså tilbake i tid, vil universet bli mindre og mindre, og til slutt ende opp i eit punkt.

Denne tanken gav opphav til teorien om at universet blei til i ein stor eksplosjon, the Big Bang. Big Bang-modellen beskriv utviklinga til universet frå det var ein ørliten brøkdel av eit sekund gammalt, og fram til i dag. Men han gir oss ikkje ei beskriving av sjølve Big Bang eller ei forklaring på kvifor det skjedde.

Etter Big Bang

I utgangspunktet var universet i ein tilstand med ekstremt høg temperatur og tettleik. Så ekspanderte det av ein eller annan grunn veldig. Dette kallar vi inflasjonsfasen. Det var sjølve rommet som utvida seg. Masse blei ikkje slyngd utover som i ein vanleg eksplosjon.

Dette gjekk ufatteleg fort: Etter 10-33 sekund var det over! Universet heldt rett nok fram å utvide seg, men mykje langsamare. Temperaturen var framleis så høg at inga form for materie var stabil. Men etter cirka eit mikrosekund dukka den første hydrogenkjernen opp, og etter cirka 20 minutt var alt som finst av hydrogen og helium i universet, danna.

Merk deg at Big Bang-teorien ikkje kan forklare kvifor eksplosjonen skjedde, eller kva som fanst før. Han beskriv berre kva som har skjedd etterpå.

Tidslinje som viser hendingar i utviklinga av universet frå Big Bang til i dag. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Nedkjøling – grunnstoff og stjerner blir danna

Heile tida utvida universet seg, og temperaturen gjekk ned. Framleis var han så høg at elektrona ikkje var bundne til atomkjernar. Det enorme talet på frie elektron vekselverka stadig med den elektromagnetiske strålinga. Dette gjorde at strålinga hadde kort rekkjevidd, og at universet var ugjennomsiktig. Men etter cirka 380 000 år hadde temperaturen gått så mykje ned at elektrona blei fanga inn av dei positive atomkjernane, og vi fekk nøytrale atom. Då kunne den elektromagnetiske strålinga passere uhindra. Tåka letta, og universet blei gjennomsiktig.

Etter kvart som tida gjekk, samla partiklane seg i større og større himmelobjekt på grunn av tiltrekkjande gravitasjonskrefter. Når massen blir stor nok, blir temperaturen så høg at himmelobjektet begynner å lyse. Då er det danna ei stjerne. Dette skjedde 400 millionar år etter Big Bang. Fram til då var universet heilt mørkt. Derfor kallar vi dette den mørke perioden.

Seinare har stjerner organisert seg i galaksar, og etter 9,3 milliardar år blei solsystemet og jorda til. Og no, 13,8 milliardar år etter starten, eksisterer vi!

Tidslinje med viktige hendingar frå Big Bang til no. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge
CC BY-SASkrive av Astrid Johansen.
Sist fagleg oppdatert 03.08.2020

Læringsressursar

Big bang og utviklinga til universet