Hopp til innhald
Rettleiing

Om faget marknadsføring og innovasjon

Faget marknadsføring og innovasjon er utvikla i tråd med fagfornyinga 2020, med utgangspunkt i den overordna delen av læreplanen, fagrelevans og sentrale verdiar, kjerneelement, tverrfaglege tema og grunnleggande ferdigheiter. Faget har eit variert innhald som dekker alle kompetansemåla.

I samarbeid med Ungt Entreprenørskap har vi produsert nye filmar om idéutvikling, som ein introduksjon til temaet forretningsidé.

Teknologiutviklinga har ført til store endringar innanfor marknadsføring og sal. Vi har derfor, i samarbeid med bransjen, utarbeidd mykje nytt undervisningsmateriell om kundereisa, marknadsplanar og marknadsføringskampanjar.

Administrasjon høyrer no til dette faget. Fagstoffet er revidert, og mange nye oppgåver er utarbeidde i samarbeid med ein lærar med arbeidserfaring frå kontoradministrasjon.

CC BY-SA 4.0Skrive av Tone Hadler-Olsen.
Sist fagleg oppdatert 31.08.2023