Hopp til innhald

Eigenvurdering

Eigenevaluering digital marknadsføring

Reflekter over ditt eige arbeid. Kva har du lært?
Ropert og ulike symbol for marknadsføring på internett. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge
  1. Kva for kunnskap hadde du om temaet på førehand?
  2. Beskriv korleis du har arbeidd med digital marknadsføring.
  3. Reflekter rundt din eigen kompetanse etter å ha jobba med læringsstien.
    • Kva veit du no om digital marknadsføring?
    • Når vart digitale verktøy tekne i bruk i marknadsføring?
    • Korleis fungerer Google Analytics som eit måleverktøy?
    • Kva for suksesskriterium for digital marknadsføring er du blitt kjend med?
    • Kva lærte du av å gjennomføre fasane i opprettinga av ein annonse i Google Ads?
    • Kva lærte du av å opprette ein annonse på Facebook?
    • Kva slags forhold har du sjølv til annonsar som dukkar opp på Facebook?
    • Kva slags vurderingar tenkjer du bedrifter bør gjere når det gjeld bruk av remarketing?
  4. Korleis kan du auke kompetansen din ytterlegare om temaet du har jobba med?
  5. Kan du bruke den nye kompetansen din i andre fag?
CC BY-SASkrive av Tone Hadler-Olsen.
Sist fagleg oppdatert 07.07.2019

Læringsressursar

Digital marknadsføring