Her blir de kjende med berekraftsmåla til FN samtidig som de får trent opp evna til kreativitet og assosiasjonstenking. Øvinga er ein fin start på ein idéprosess der berekraft er i fokus. Ho gir òg trening i å presentere.
Tid: 20 minutt
Instruksjon
- Gå saman i grupper på fire eller fem elevar.
- Sjå på oversikta over berekraftsmåla til FN og forklar kort for kvarandre kva berekraftsmåla er.
- To på kvar gruppe skriv ned eitt tal kvar mellom 1 og 17.
- Det første talet skal gruppa bruke til å velje berekraftsmål. Det andre talet bruker de til å velje i slumpordlista nedst på sida.
- Bruk 3 minutt på å lese om berekraftsmålet de har fått, og til å diskutere kva dette målet faktisk betyr.
- Bruk 10 minutt på å diskutere dykk fram til 4 ulike forretningsidear de kjem på med utgangspunkt i berekraftsmålet og slumpordet.
- Bruk 1 minutt på å presentere éin av forretningsideane dykkar for klassen.
- Refleksjon: Det er viktig å reflektere saman over kva de har gjort i denne øvinga, kvifor de har gjort det, og korleis de kan bruke øvinga i ulike samanhengar. Set av 4–6 minutt til dette, gjerne meir.
Døme på refleksjonsspørsmål:- Kva tenker de at de lærer av denne øvinga?
- Kvifor er det viktig å trene på kreativitet?
- På kva måte hjelpte berekraftsmåla dykk til å kome på idear?
- Korleis kan dette vere nyttig trening for arbeid med ulike prosjekt?
Korleis og når kan denne øvinga vere nyttig i andre samanhengar (på skulen, på fritida osv.)?
Slumpord
ulv
barn
fallskjerm
havet
sjåførar
fuglar
kvinner
fisk
eldre
flyktningar
helsepersonell
urfolk
insekt
ungdom
isbrear
lærarar
politikarar
FNs berekraftsmål
CC BY-SARettshavar: Ungt Entreprenørskap
Sist fagleg oppdatert 21.02.2020