Marknadsføring og innovasjon (SR-SSR vg1)
Felles programfag saman med:Forretningsdrift (SR-SSR vg1)ogKultur og samhandling (SR-SSR vg1)
Innovasjon
Nytenking, kreativitet og berekraft er viktig når du utarbeider ein forretningsidé. Innovasjon er meir enn nye produkt. Det kan vere nye produksjonsmetodar eller å ta i bruk nye råvarer eller distribusjonsformer. Det kan også vere å introdusere eit produkt til nye marknader.
Idéutvikling og kreative metodar
Verda treng ny kunnskap og nye måtar å løyse problem på. Her er nokre tips til korleis de i fellesskap kan utvikle idear og presentere dei på ein måte som fangar merksemd. Du lærer også nokre kreative metodar som du kan bruke i arbeidet ditt i mange fag.